I fjor var me på biltur til Egersund den fyrste helga i mai, i år tok me ein dagstur til kjente i Haugesund. Me tok bussen i ti-tida i går morgon, og var tilbake igjen halv seks på kvelden. Greie nok dagar på jobb, og eg blir ikkje lei av å gå til jobben, trass i regnet som datt den eine dagen. På torsdag var me nok ein gong på UiS, han for å spele fotball og eg for å sjå meir på dei rosa blomane på trea og sidan spasere heim. Noko av det aller kjekkaste denne veka, var å få med oss operetteversjonen av Agatha Christie-klassikaren Og dermed var det ingen (And Then There Were None). Tihi, det var litt av forestilling det hadde fått til med ei bok som eigentleg er ganske mørk og dyster. Og eit morosamt samantreff etter forestillinga, var å prate med ei eg nyleg hadde selt boka til på jobb. Nytt prosjekt og årsmøte med orkesteret må eg også nemne, og snart er det "god natt":
✦ ho, ho, eg blir ikkje lei bøker om bøker, og The Echo of Old Books var ei bra leseoppleving
✦ likte godt Nicholls Du er her frå mellom anna Lake District og Yorkshire Dales
✦ nytt prosjekt med orkesteret
✦ fleire stilige Interrail-motiv
✦ høyre Murray Head med "One Night in Bangkok" på radioen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ Zalo som kjem ut for å sitje på hovuda våre
✦ dei rosa blomane på trea er no utruleg vakre
✦ to kjekke bruktkupp frå finn.no: utgått favorittgarn og ei bok eg har sett etter ei stund
✦ ballongar i ein busk
✦ "Top 10 Broadway Songs That Are More Famous Than the Show Itself"– fleire slagerar på lista
✦ lesing, vaffel (på meg), svele (på han) og kaffi på ferja på veg til Haugesund i går
✦ herleg med sol i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
✦ ete ute på Fish and Cow før fredagens forestilling
✦ And Then There Were None som ein krimkomedieopera, var supergøy å få med oss!
✦ og artig å treffe ei som – etter tips frå meg – nyleg hadde lese boka på halvannan dag
✦ laurdagsgraut og prat i Haugesund hos tanta og onkelen til mannen min
✦ raudstrupen på kjøkkenet vårt
✦ Olive ser ut til å kose seg på ein liten tur i parken
✦ tusenfryd i graset på veg til jobb
✦ å, eg kunne ha vore fleire timar i Den lille bokbutikken midt i Haugesund sentrum
✦ og stikke innom flotte Haugesund folkebibliotek
✦ serien om Jodie "Nosey" Parker er gøy å lese, og The Perfect Cornish Murder er den tredje i rekkja


Legg igjen ein fin tanke