25. mai 2025

Tre nye bøker, to bokjubileum og ein filmklassikar






Nesten rart å sjå regnet i dag etter ei laaang stund utan noko særskilt med grå skyer på himmelen. Sjølv om det kjekkaste er sol og perfekt gåvêr, trong med regn no, for det har vore svært tørt og med det skogbrannfare. Regnvêrssundag = lesesundag. Og litt husarbeid og strikking. I går derimot var me i Sandnes for å handle litt, mellom anna bukse (meg) og jakke (han). Kjekt å støtte lokale butikkar, men det var også godt å komme heim etter fleire timar på handlerunde ;) Måndag til fredag gjekk som vanleg med jobb, orkesterøving, lesing, både gå- og sykkelturar til og frå jobb, og om ikkje lenge er det måndag igjen. Sånn går nu dagan'. Trur ikkje eg har så mykje meir å skrive om:
 
Beth O'Learys nyaste bok, Swept Away, er ei litt overdrive, men samstundes søt og herleg bok
strikke eit par omgangar kvar dag
liten handlerunde i nabobyen i lag med mannen min
The Great Britsh Bake Off med hyperrealistiske kaker, og boka Heartstopper var ei av dei
gøy med boktips frå Miranda, denne gongen i sjangeren cottagecore
Bienes verden av Henninge Torp Bie er ei utruleg fin og fascinerande bok om bier og humler
mjuke fargar på kveldshimmelen på veg heim frå orkesterøvinga
rosa rododendron
så innmari fint at The Swell Season kjem med ei ny plate!
å gå med lilla kjole og nyte sola gjennom takvindauget på senteret der eg jobbar
kaffe latte og ein musliscones midt i handlerunden i går
oppfølgjaren til Kastanjemannen, Telle til en, telle til to, var ganske nervepirrande 
prøve å leggje fleire ferieplanar
alle dei søte mjaua frå lille Olive 
fargesterke valmuar i nabolaget
tenk, det er faktisk åtti år sidan den fyrste boka om Mummitrollet kom ut!
utelesing i graset
Michael Ball som syng i lag med eit demenskor, det er så nydeleg og rørande
tysdagens orkesterøving, no er det ikkje lenge igjen til konsert
alt det grøne rundt Mosvatnet
og Pippi Langstrømpe er også åtti år i år
Alec Guinness i heile åtte (!) roller i den svarte komedien Kind Hearts and Coronets

Legg igjen ein fin tanke