Prøver å tenkje over kva eg har gjort denne veka, men i motsetnad til førre veke, har eg sånn sett gjort noko som skil seg ut. Små turar har det blitt, både til jobb og i lag med ei god veninne, lesing både titt og ofte, ei orkesterøving og eg hadde laurdagsvakt på jobben i går. Fleire av dagane har eg verkeleg nytt turen til og frå jobb, anten som fotgjengar eller som syklist – det kjem an på når eg byrjar på jobb, altså om eg har dag- eller kveldsskift. For ein merkar at det er mai ute, og det gjer godt med lysare morgonar og kveldar. Og det gjorde godt med ein veldig avslappa sundag i dag etter jobblaurdagen i går. Over til resten av dei små gledene som har fått meg til å smile:
✦ hugsa ikkje kven mordaren var, og det var gøy å lese Kortene på bordet av Agatha Christie
✦ treffe ein tidlegare kollega på jobb og slå av ein ordentleg bokprat med ho
✦ lese ute på balkongen
✦ Samantha Harveys språk i Jordbane er nydeleg
✦ gøy, vemodig, kjekt og fint å sjå den aller siste episoden av Gavin and Stacey
✦ og eg skjønner godt at den slo sjåarrekordar då episoden hadde sending i desember i fjor
✦ prate med ein kunde om forskjellige brettspel
✦ kvite blomar på trea
✦ gå ein tur rundt Vannassen med ei veninne, alltid mykje prat og veldig koseleg
✦ kveldslyset etter jobb onsdagskveld
✦ dufta av nysteikte brød
✦ minipus som helser på ein mykje større hund, det finst så mange slike søte videoar, tihi :)
✦ doble kvitveis
✦ Maureen av Rachel Joyce var eit fint siste kapittel i ei rørande historie (du veit, Harold Fry)
✦ høyre "Unchained Melody" på radioen ein morgon
✦ søte esel på Ullandhaug
✦ blomebuketten frå orkesteret, me tok den bort fyrst i dag, nesten ei veke etterpå
✦ kul postkasse som eg ser når eg går til jobb
✦ "Min favorittmusikk" med Adrian Angelico – her var det både musikalar, opera og spelmusikk
✦ laurdagstaco og filmklassikaren The Terminator frå 1984
✦ solnedgangen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ pocketutgåvene av Elizabeth Strout sine bøker på norsk er vakre å sjå på
✦ sundagskjensla etter litt husarbeid: bok, presskannekaffi og ein knallgod lussekatt


Legg igjen ein fin tanke