29. mars 2025

Wicked



For litt over åtte år sidan, såg me Wicked i London, ein musikal eg hadde høyrt mykje bra om og som eg eigentleg ville sjå den fyrste gongen eg var i byen i lag med mannen min. Eg kan enno hugse at eg nok hadde litt for store forventingar, for eg sat igjen med ei kjensle av å ha hatt betre musikalopplevingar (til dømes er andre akt liksom litt rotete, ein skal prøve å setje saman alt og runde av det heile). Samstundes ser eg av dette innlegget eg posta ikkje lenge etter at me såg musikalen at eg stort sett var nøgd med opplevinga, songane er jo berre råtøffe. Alt i alt prøvde eg å gå inn på Folketeateret med litt lågare forventing enn kva eg gjorde då me skulle sjå den i London. Wicked er den tolvte musikalen eg ser på dette teateret, nok ein gong produsert av Scenekvelder, og det blei ei veldig kjekk musikaloppleving! Både Sanne Kvitnes og Alexandra Rotan er skapte for rollene som Elphaba og Glinda, for min del var det gåsehudfaktor fleire gongar – å syngje "Trosser tyngdekraft" høgt i sky er ein prestasjon berre i seg sjølv – og nokre tårer kom det innimellom. Dei visuelle effektane synest eg fungerte bra, og som vanleg jubla eg litt ekstra då orkesteret kom på scena, eg kjenner jo trommisen der. Som vanleg knipsa eg eit lite sjølvknips i trappa, og så var det litt artig at dei hadde laga til eit filter på Snapchat som ein kunne bruke, mannen min hadde ikkje noko anna val enn å vere med – du er god som held ut med ein ekte musikalnerd ;)

Legg igjen ein fin tanke