30. mars 2025

Ikkje heilt seint i november






Jobba i går, så for min del blei helga ganske så kort denne gongen. Ja, heile mars har berre foke forbi og det har vore noko kvar helg. Puh, om ikkje anna var det ei grei laurdagsvakt på jobb, medan eg i dag har fått lese mykje. Eigentleg er det lite nytt å fortelje, dagane i butikken er både opp og ned, nokre travlare enn andre, nokon kundar (heldigvis) blidare enn andre. Starta veka med fri, og då fekk eg unnagjort ein del ærend i tillegg til å dra ein tur til frisøren. Gåturane til jobb er framleis ei finfin kvardagsglede, det same er bøkene mine – i det siste har eg lese fleire veldig gode bøker:
 
kan ikkje anna enn å digge Veronica, Daisy og pingvinane i Call of the Penguins
mars har vore dagar der eg har lese litt på veg til jobb (og jepp, eg ser ganske ofte opp frå boka)
regndropar på nokre knallgule påskeliljer 
baking og boktips i ein liten video frå Miranda
byrje å sjå den nyaste sesongen av Mysteria i Brokenwood på NRK Nett-TV
nokon som hadde leika med fargerike krit på bakken 
fekk plutseleg auge på eit par snøklokker på veg til jobb 
Brussel ser ut som ein kjekk by å utforske meir enn det me gjorde i 2022, lenkje frå Et dryss kanel
å, som eg diggar den raudrutete retrokjolen min 
komme heim til laurdagstaco og kjekk film
litt feil årstid, men eg las nyleg ut den siste Mummiboka, Sent i november
The Swell Season, altså Glen Hansard og Markéta Irglová, er ute med ein ny song, så himla fin!
ler høgt av Kongen befaler
teste ut ein ny salat til middag i dag, og den fall i smak hos oss begge to 
klippe håret hos frisøren
sjå ein Poirot-episode i lag med verdas beste
tihi, smiler kvar gong eg ser ein liten video av ein minipus og ein større hund som er gode venar
artig at det finst ei uoffisiell kokebok med inspirasjon henta frå Studio Ghibli-filmar
høyre temaet frå Love Story på radioen ein morgon
så mange nydelege krokusar langs jobbvegen min om dagane
Cognettis bøker, eg har dei alle, og den nyaste Nede i dalen er ei sårvakker skildring om to brør

Legg igjen ein fin tanke