Vinterferie her i byen. Eller, den er jo så å seie over, men det har vore vinterferie denne veka. Eg har jo jobba som vanleg medan mannen min, som jobbar ved ein vidaregåande skule, har hatt ferie. Difor har det blitt eit par halvseine morgonar der både han og eg har drukke kaffi og lese litt før eg etter kvart stakk av garde til jobb. Klagar ikkje på det ;) Mange bøker å få på plass, for det er ikkje til å leggje skjul på at under Mammut, er det innimellom litt kaos i butikken når nye bøker skal finne ein plass å vere samstundes som det er fullt av bøker på sal. Hadde laurdagsvakt i går, og då trefte eg både ei god veninne og to kompisar – alltid kjekt når ein har tid til å slå av ein liten prat med fine folk. Liten spasertur i dag i tillegg til fastelavnsbollar og, så klart, ein del lesing. Endå litt meir:
✦ ingen over og ingen ved sidan: David Suchet ER Poirot, og boka hans var ein sann fryd å lese
✦ lage semlor i dag sidan det var fastelavn, seier berre "nam"!
✦ solnedgangen over naboblokka tidlegare i kveld
✦ stilige bilete av Fort Bridge (bygd 1882-90) i Skottland
✦ blå himmel ein morgon då eg skulle til jobb, så herleg å kjenne dagslyset
✦ stolt av Dennis (Spiselighage) som no er ute med si tredje bok
✦ snøklokkene, for det kjem berre fleire og fleire
✦ å, Olive er framleis søt, men berre sjå kor himla nusseleg ho var som lita kattunge
✦ prate med ein kunde om Interrail
✦ plukke fram boka Alt jeg ikke sa av Celeste Ng
✦ koseleg med bokoppdatering (inkludert ein fin bokhandel) frå Miranda
✦ joda, det er framleis brunt og grått rundt Mosvatnet, men alltid kjekt å traske den vegen til jobb
✦ når eg høyrer songar på radioen som vekkjer fine minne: "Six Ribbons" av Jon English
✦ alt som byrjar å blomstre ute no, overalt kor eg går eller syklar
✦ at nokon hadde teikna ein elefant ved teiknebordet på jobb
✦ få auge på dei fine gjessa då eg gjekk heim frå UiS i dag
✦ når eg ikkje las, blei det litt strikking og fotobokmekking
✦ Paula sine bilete av snøklokker, er verkeleg stemningsfulle
✦ og sidan eg fyrst er inne i Christies verd: kjekt å sjå eit par av dei eldste Poirot-episodane
✦ trappeoppgangestetikk på UiS
✦ Moyes si nyaste bok, Vi bor alle her, er ei feelgood-bok med litt sorg, kjærleik og to gamle gubbar
Legg igjen ein fin tanke