12. jan. 2025

Solstrålar og soloppgang om vinteren




Oi, eg ser at det er mykje snø med på bileta i denne vekas sundagsliste, tihi! Men det er akkurat slik det har vore dei siste dagane her i Stavanger. I morgon kjem det nok eit vêromslag med både varmare temperatur og mykje regn, og med strålande sol og vinterkvitt landskap, var me ute og naut kong vinter i går (og det kjem til å komme fleire bilete, for det var verkeleg ikkje plass til å dele alt no). Godt å verkeleg kjenne den tørre, kalde lufta, for eg rakk berre å gå til jobb ein av dagane – dei andre dagane bussa eg av garde. Lesing både heime og på bussen, me er i gong med eit nytt orkestersemester og ei helg utan store planar. I går enda me opp med å ta ein ordentleg vaskerunde i heimen, og så slappa me verkeleg av i dag med ein times flyting i ein flytetank ute på Jæren. Veka mi i korte trekk, korleis har di veke vore? Fleire flotte januarting kjem snart. Eller faktisk no:

er ikkje heilt ferdig med julebøkene enno, og las nyleg kjekke The Holiday Cottage
tihi, eg trur nokre av desse snømennene var meir i live enn andre ;)
lese i blåtimen
årets fyrste orkesterøving
ein hund som passar på små kattungar, for ein nusseleg gjeng
kjekt å lese vidare i Narnia-serien (sjøv om Hesten og hans gutt ikkje er min favoritt)
og endå ein artig snømann rett ved naboblokka
solstrålar i skogen ved Ullandhaugtårnet
Hyacinth Bucket som syng i vilden sky (Patricia Routledge er eigentleg ein veldig dyktig songar)
to blidfisar ute i vintersola
Susanna Clarkes novelle Midtvinterskogen har ei heilt eiga stemning
plutseleg storreingjering i heimen
laurdagspizza og den nyaste Wallace and Gromit-filmen på skjermen
"Top 10 Movie Musicals Everyone Needs to See At Least Once" – fordi eg har sett alle musikalane!
greiner dekte med eit lite snølag, ei lykt som lyser som om eg var i Narnia og blåtime
isroser på kjøkkenvindauget
høyre Journeys "Don't Stop Believin'" på radioen ein kveld etter jobb 
å sitje i ein vindaugskarm og lese ei god bok, akkurat som i Anne of Green Gables
lesing på bussen og ein soloppgang i det fjerne
vinterallé
flyte i ein flytetank i lag med mannen min på Jæren flytesenter tidlegare i dag
flott soloppgang på toppen av Ullandhaug, sett gjennom bussruat

Legg igjen ein fin tanke