5. jan. 2025

Juledæsj og nyårsdagar




Starta det nye året med jobbhelg, og har dimed ikkje hatt særskilt med fri. Men hadde i alle fall fri nyttårsaftan og fyrste nyttårsdag. Nyttårsaftan blei som nemnt feira i lag med ein kjekk venegjeng medan me åt god nyårsmiddag og spelte spel på Sola saman med familien 1. januar. Og så har det snødd her i byen, litt for seint, for det blei ikkje kvit jul. Eg er jo ikkje verdas største snøfan, men det var faktisk ganske flott å gå i vinterkvitt landskap då eg skulle av garde til seinvakta på jobb fredag. Blir spennande å sjå korleis det ser ut i morgon, vêrmeldinga seier sludd og uvêr. Håper på litt meir lesing denne sundagskvelden før årets andre veke startar. Og her er siste rest av jul:

glasjulepynten som heng i kjøkkenvindauget, er framleis eit av dei beste bruktfunna mine
Juleroser 2024 var så fint å lese, berre sjå omslaget med mønster frå William Morris
prate om Lake District og England med ein britisk kunde 
Daniel Kvammens juleturné i bygde-Noreg, kjekt at mindre plassar får oppleve slike konsertar
starte det nye året med ei lita lesestund 
årets fyrste selfie, til og med i finstasen ;) 
laurdagstaco og latterkrampe då me såg Johnny English
Alfred, Lord Tennysons dikt "Ring Out, Wild Bells" fritt omsett til "Nyårsklockorna" på älvdalska
knallgod heimelaga karamellpudding etter nyårsmiddag, og Zalo var som vanleg heilt med!
magisk soloppgang på årets andre dag
lussekattar på etterskot: mannen min bakte måndagskveld, og så hadde med også ein kvar i dag
rett og slett litt julekrim med A Maigret Christmas and Other Stories av Georges Simenon
pusen Olive er så artig og samstundes veldig, veldig søt
artig at same plassen ved Mosvatnet var så forskjellig, fyrste biletet frå måndag, det andre fredag
vinterfargar 
gjere det ganske bra på quizen i Dag og Tid
sola i andletet då eg gjekk til jobben på fredag, og alt var vinterkvitt
✦  "Top 10 Greatest Solo Dance Scenes" – her er både Fred Astaire og Gene Kelly
fuglen som er laga av tøyrestar
skjønnaste pusen som var med på å feire nyttårsaftan i lag med oss og resten av den fine gjengen
likte godt juleboka Underneath the Christmas Tree av Heidi Swain

Legg igjen ein fin tanke