9. jan. 2025

Snødagar




Snøen ligg framleis, nesten ei veke etter at den kom dalande. Er ikkje alltid den gjer det her i byen. For dei som kjenner meg, er det inga hemmelegheit at eg ikkje er glad i snø, til dømes i dag tidleg då bussen var forsinka og det eine med det andre sidan det kom endå litt meir snø. Men når me innimellom får dagar med sol på himmelen og eit lite lag med kvitt teppe overalt, då kan snøen vere ganske så fin. Vintersola laga lange skugger, og eg smilte der eg traska av garde til jobb.
 




Snø på ein skulptur ved kunstmuseet, snå på buskane og snø på graset. Ein fugl flaksa rett foran meg og eg stoppa opp ein augneblink og berre naut vintersola og -lyset. På ein liten haug rett ved jobb, var det tydeleg at nokon nyleg hadde gått: det var djupe fotspor i snøen som elles var heilt urørt. Idyllisk gåtur til kveldsvakta på jobb, for slike vinterdagar går an til og med i mine auge.

Legg igjen ein fin tanke