Sa "ha det" til det gamle og "hei" til det nye året i lag med ein finfin gjeng i går (og inn i dagens tidlege timar). Me var tre små og sju store i går, og det blei både forrett, middag og dessert. Kalkunen var hovudretten – heilt ypperleg – og til dessert hadde han fine og eg laga ei ostekake med mangopulplokk. Og om du kjenner igjen katten frå sundagslista, stemmer det: me var nemleg hos det same veneparet me åt juledagsfrukost hos. I tillegg var nokre naboar av dei med, og eg hadde med meg ei av mine beste veninner. Katten Sigrun fann seg visst veldig til rette i fanget til veninna mi, ein ordentleg sjarmør i pels. Eg hadde på meg min glitrande kongeblå kjole og var riktig så nøgd (aldri lett å ta bilete etter klokka fire om vinteren, kjolen er faktisk endå meir blå enn det som kjem fram på biletet). Då klokka nærma seg midnatt, var det nokon som gjekk ut for å sjå på fyrverkeriet, eg og ei av dei andre hadde det heilt fint i stova der me såg to av fellesoppskytingane gjennom vindaugsglasa. Mykje prat og latter, og det blei ein akkurat passe lun start på 2025.
1. jan. 2025
I gode venars lag

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Godt nytt år til dere to i sør! Ser at dere har hatt en flott nyttårskveld. Vi tre her i huset så knapt en rakett, for det var mer spennende å se på sjakk :-) Du vet jo at vi har en sjakkspesialist i huset, så den eldre generasjonen blir jo litt påvirket. Forøvrig så morer jeg meg alltid når du legger inn noe om Zalos eskapader :-)
Godt nytt år til dykk der oppe også! :) Må trekkje på smilebandet, for sjakken stod så vidt på heime hos dei me var hos på nyttårsaftan, sjakk er visst populært her også ;) Og ja, Zalo er ein artig liten skrue!
Legg igjen ein fin tanke