3. jan. 2025

Gule lynet, alltid der det skjer




Som vanleg etter ei jul på Sola, blir det ein liten Zalokavalkade. For han gule og kule fjørballen skal vere med der det skjer, og aller helst når det er mat i biletet. Anten det er etter middagen når julekakene kjem på bordet eller om morgonen når me et eggerøre. Ein liten bit av ein klementin var snadder, og det å sitje på hovuda våre blir han aldri lei. Artige Zalo, du er meg ein fin, liten raring.

Legg igjen ein fin tanke