30. desember og jula er snart omme. Eller, for all del, det heiter jo at "jula varer helt til påske", men likevel, eg tenkjer at julepynten skal ned til helga her i heimen. Før den tid, berre må eg vise fram denne flotte julefuglen. Den er laga av Rikke (bak Instagram-kontoen ri.make), og ho har laga den utelukkande av stoff- og små sytrådrestar. Rett og slett ein ordentleg gjenbruksfugl til jul, og den er allereie blitt eit fint tilskot til julepynten vår. Julepynt som skal vare år etter år.
30. des. 2024
Ikkje like kul som Zalo, men ein flott og ekte julefugl
30. desember og jula er snart omme. Eller, for all del, det heiter jo at "jula varer helt til påske", men likevel, eg tenkjer at julepynten skal ned til helga her i heimen. Før den tid, berre må eg vise fram denne flotte julefuglen. Den er laga av Rikke (bak Instagram-kontoen ri.make), og ho har laga den utelukkande av stoff- og små sytrådrestar. Rett og slett ein ordentleg gjenbruksfugl til jul, og den er allereie blitt eit fint tilskot til julepynten vår. Julepynt som skal vare år etter år.
Merkelapp
interiør og bustad
29. des. 2024
Sundagsliste = romjulsliste
Vel er det kanskje ikkje juleferie når ein jobbar i butikk, men det har likevel vore jul. Eg har prøvd å slappe av i desse romjulsdagane, og innimellom har eg klart det (er ikkje like enkelt når ein måtte jobbe på årets store byttedag). I tillegg jobba eg kveld lille julaftan, noko eg ikkje pleier å gjere og det gjorde at eg i alle fall den dagen hadde litt mindre julestemning. Heldigvis fekk me tid til å ete graut og pynte juletreet i lag med familien tidlegare på dagen. Starta julaftan her heime i sofaen under dyna, og sidan feira me julekvelden og juledagane på Sola. Godt å vere saman med godgjengen, lese mykje, gå ein tur, spele spel og prøve å senke tempoet. I går åt me laurdagsfrukost hos eit venepar, og med mykje prat og ein lang quiz, blei me der i ein del timar. Og me fekk treffe Sigrun, den nye katten deira. Dagen i dag har vore superroleg, det gjer så godt å berre krype under eit teppe med ei julebok medan det regnar ute. I morgon er det ei ny kveldsvakt, og snart er det faktisk eit nytt år. Skulle gjerne hatt fri nokre dagar til, men om ikkje anna har det vore mykje fint desse juledagane:
✦ koseleg å lese forskjellige juleforteljingar henta frå Astrid Lindgrens bøker
✦ oppleve ein så vakker solnedgang på veg til jobb lille julaftan, rett og slett sukk...
✦ adventsstjerna i vindauget, særskilt på desse regntunge romjulsdagane
✦ starte julaftan med lesing under dyna (og så klart kaffi og kransekakestong)
✦ og når me snakkar om julaftan: så klart sjå Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen
✦ laurdagsfrukost hos eit venepar med noko for ein kvar smak, quiz og mykje prat
✦ sjå finalen av Harry Potter: Wizards of Baking, det er heilt utruleg alt det dei kan bake!
✦ få helse på Sigrun, ein litt rampete sjarmør i pels
✦ romjulsdagar med familien og me spelte kjekke spel, las i bøker og hadde quiz om kveldane
✦ lese Christmas Miracles at Hedgehog Hollow av Jessica Redland, den siste boka i den fine serien
✦ sollyset som skein inn gjennom vindauget og inn i stova vår i byrjinga av veka
✦ høyre "One Night in Bangkok" i bilen på veg til jueltrepynting lille julaftan
✦ å, sjå på Olive, ho er så himla søt!
✦ juledagstur rundt Åsenløypa og ved Åsenbatteriet
✦ Zalo var heilt i hundre gjennom jula, og bittelitt klementin var noko han syntest var veldig godt
✦ er så glad i den knallraude julekjolen min
✦ laurdagspizza og The Addams Family (1991)
✦ vinterstemninga i Northumberland National Park og Kielder Forest, heilt magisk!
✦ litt lite bilete, men kjekt å lese The Secret Christmas Bookshop av Cressida McLaughlin
✦ ha på meg min kongeblå blondekjole til middagen fyrste juledag
✦ Sue Moorcrofts Christmas Wishes var ei innmari fin julebok
✦ at fleire av julegåvene eg gav, fall i smak
Merkelapp
sundagsliste
28. des. 2024
Fuglevokteren fra Vega
"Hun var vokteren av dette stedet. Alt rundt oss, mellom havbunn og himmel, var under denne sytti år gamle kvinnens beskyttelse. beskyttelse. Jeg så på henne sitte der i båten sammen med meg, og tenkte på hvor vidunderlig latterlig det var. Hun var maktesløs overfor de enorme naturkreftene som var i sving på øyene, og overfor problemene havet led under, men ikke desto mindre var hun innbitt bestemt på å prøve." (s. 227)
Som eg skreiv i førre vekes sundagsliste, trur Fuglevokteren fra Vega må vere ei av dei beste bøkene eg har lese i år! Tidlegare har forfattaren, James Rebanks, skrive Sauebondens liv og Livet på landet. Den fyrste skildrar fyrst og fremst hans liv som bonde i Lake District, medan han i den andre fortel om korleis nyvinningar har tatt over gamlemåten å drifte gardar på, nyvinningar som effektiviserer, men også øydelegg delar av jorda. For ein del år tilbake, kjente Rebanks seg rotlaus og hamna i ei krise; som han sjølv skriv, følte han at han var ein dårleg ektemann, far, son, og bror. Han kom til å tenkje på Anna, ein fuglevaktar han møtte på ein tur i Noreg ein del år før dette igjen, og Rebanks sende eit brev til ho spurte om han kan komme og vere med ut i havgapet for å besøke av henne og lære av arbeidet hennar, kanskje finne ei ny meining oppi krisa. Anna sa ja, men skreiv at han måtte komme snart sidan dette kunne bli hennar siste sesong som fuglevaktar, eit gammalt yrke som er i ferd med å døy ut. Som fuglevaktar har Anna tatt vare på vill ærfugl, hjelpt dei å lage reir og sett til at forholda var så gode som dei kunne vere. Sjølv om namn og stadnamn er fiktive for å bevare anonymiteten, er dette er forteljinga om tida med Anna, om vêr og øyer, om ein arv, om timar med stille og om ein fugl som utan fuglevaktarar kanskje ikkje hadde vore til lenger – Rebanks skriv på ein måte som gjer at eg er der ute, på Fjærøy langt, langt ute i havgapet.
"Det skulle en viss type personlighet til for å kunne bo på et fuglevær i varntiden, fortalte Anna. Stillhet er plagsomt. Folk er så vant til ståk og skravling at de knapt kan vente med å fylle stillhet med lyd." (s. 160)
"Jeg ble stående på toppen av åsen og tok utsikten inn over meg.
Sola var på vei ned og malte en iskald, hvit vei over havet. Den startet ute ved horisonten og gikk over bølgene, opp på berget, gjennom meg og tilbake til de snødekte fjellene langs kysten, Norges ryggrad. De blå fjellene der inne strakte seg helt til Sverige." (s. 56)
Sola var på vei ned og malte en iskald, hvit vei over havet. Den startet ute ved horisonten og gikk over bølgene, opp på berget, gjennom meg og tilbake til de snødekte fjellene langs kysten, Norges ryggrad. De blå fjellene der inne strakte seg helt til Sverige." (s. 56)
"Anna gikk foran meg over et bredt, flatt svaberg som et lite
fyrstikkmenneske i en diger skjærgård. Langs stien lå det knuste
gåseegg, og det var en liten bukt full av tang, drivved og skrot der.
Hun viste vei til noen e-hus på en odde hundre meter unna. Underveis
viste hun meg en haug med fjær; levningene av en gås som var drept av en
havørn. Det pågikk en urgammel dragkamp her hver eneste dag, sa hun;
mellom de som skulle bringe ungene sine til verden, og de som måtte
drepe dem for å overleve. Hele fugleværet var som et Serengeti ved
havet." (s. 142)
"Jeg tror de begge var klar over at ting
ikke kunne bli som før, at dynamikken kom til å endre seg, og at det
kanskje ikke kom til å være behagelig for noen av dem. Kanskje er det
med dunvær som med slektsgårder: nesten umulig å overlate til neste
generasjon uten at noen blir såret. Vi kan ikke samtidig være det vi er
og det vi ønsker å være; noe i oss må dø for at noe annet skal bli født." (s. 237)
Merkelapp
bøker
27. des. 2024
Slike juledagar
O store byttedag i dag, og då eg var ferdig på jobb klokka fem, var det godt å komme heim og ikkje gjere noko anna enn å lese ut ei bok og ete middag. Så kva har me gjort desse juledagane? For det meste berre tatt det med ro i lag med familien. Han der fine og eg starta julaftan roleg her heime, før me i tre-tida henta broremann og køyrde i lag til Sola. Julepynta bord der me mellom anna hadde kjøpt knallgod musserande eplemost frå Helgøy frukt på REKO-ringen, og det var stilig med dei nye haldarane for bestikk – forma som juletre – kjøpt på Varatun. Kalkun og eit par medisterkaker som julemiddag, og så klart riskrem til dessert. Gjett om Zalo ville smake på krumkakene ;)
Julekaker og kaffi med eit servise som er nesten hundre år gammalt. Eg er framleis stornøgd med den raude julekjolen min, inspirert av Ali MacGraw sin raude kjole i filmen Love Story, eg følte meg rett og slett veldig julefin. Alle fekk gåver som fall i smak, og så klart ville Zalo vere med på det også (sjå biletekollasjen der han sit oppå capsen til pappa). Julehuset i gangen er, jul etter jul, eit kjært barndomsminne. Elles har me spelt både "Hitster" og "Smart10" (gøy at det fyrste spørsmålet hadde Agatha Christie som eit av svara). God juledagsfrukostar, mykje lesing, tante og kjærasten hennar var innom på middag fyrste juledag, og Zalo har vore heilt i hundre og ti. Juledagane heime, altså.
Merkelapp
hygge
26. des. 2024
Luftig historietime
Tre feriedagar er allereie over, og me er no tilbake i leilegheita vår i Stavanger etter å ha feira jula heime på Sola. Jul med familien, ein gul og kul fugl, mykje spel, lesing og ordentleg hygge, og ein del av det har eg fanga med kameraet. Men no i kveld blir det berre bilete frå ein liten tur i Åsenløypa og ved Åsenbatteriet. I går var nemleg mannen min, broremann og eg ute på ein liten 1. juledagstur. Som eg skreiv i dette innlegget for ei god stund sidan, synest eg framleis at nokre av dei sytten freda bygga kan likne på dei koselege husa i Hobsyssel. På langt nær like koselege, men det er eit eller anna med dei der dei ligg lågt i terrenget, med strå og gras på taket, som små hus og hytter.
Sjølv om dei sånn sett ligg lågt i terrenget, ligg batteriområdet oppe på ein topp, altså på Åsen. Dette er restar etter andre verdskrigen, og det blei bygd av tyskarane for å forsvare flyplassane på Sola og Forus mot engelske luftangrep. Står ein oppå murane, kan ein få ein bra utsikt over Forus, og alle tre syntest det var godt å bevege på oss etter juledagsfrukosten. Rart å vite at det i nærleiken av barndomsheimen vår finst eit slikt historisk område. Ein spasertur med hint av historietime.
Merkelapp
tur
24. des. 2024
Vestlandssommar midt i juletida
Kanskje får prinsen sin Askepott i år også, eg får berre vente og sjå. For akkurat no rullar julefilmen over skjermen og eg sit i sofaen under den varme dyna. Årets julekortbilete er eit godt eksempel på ein typisk vestlandssommar, tihi! Starta dagen roleg med ein god frukost, lesing, meir kaffi og noko godt til kaffien. Etter at prinsen kanskje får sin Askepott, er det berre å vente i spenning på om Sonja finn julestjerna. Utpå ettermiddagen drar me til Sola der eg tenkjer det blir ei akkurat passe roleg julefeiring. Med tilbakeblikk på sommaren, vil me få ønskje alle ei riktig fin jul ♥︎
23. des. 2024
Kvelden før kvelden (nesten) heilt etter boka
Heldigvis gjekk det ikkje så ille som det Tønes skriv om i vekas Dag og Tid, altså om han Jan Ansgar som aldri finn mandelen i grauten, og i år var det pappa som fann den då me åt graut heime på Sola. Me starta tidleg i år sidan eg skulle på jobb frå fire til åtte, så det blei på ein måte ein ekte grautlunsj. Tihi, Zalo var heilt med og sat oppå buret og titta på oss med hovudet på skrå. Han lurte nok sikkert veldig på kva i alle dagar me dreiv på med der med fann fram noko grønt, pynta det med både det eine og det andre og la gåver under det. Julekakepause og kaffi i koppen blei det også tid til.
Å finne fram eskene med julepynt, glitter og norske flagg, leggje gåvene under treet, pynte treet i lag, det er ofte då ein verkeleg kjenner at "no, no er det jul". Og alle dei fine, rare og søte motiva som me heng opp i treet, for mange av oss er det minne i å sjå den same pynten år etter år. Drog halv fire, og var som nemnt på jobb frå fire til åtte. Lille julaftan er no omme, og det nesten heilt etter boka.
Merkelapp
hygge
22. des. 2024
Bittelille julaftan på fjerde sundag i advent
Sakte, men sikkert kjem julestemninga sigande. Eg veit ikkje heilt om skuldrene kjem til å vere heilt låge, for det har vore supertravle dagar og eg har, som eit par av dei andre kollegaane mine, vore eit par timar på jobb på fridagar sidan det er ein del sjukdom ute og går. Tempoet bak kassa er høgt, og det er ikkje så mykje anna me får gjort utanom å ekspedere dei som vil kjøpe bøker til jul. Likevel, julemusikk og julebøker, julepynt og julefilmar, alt dette hjelper på å skape ei viss form for julestemning. Kan ikkje seie det same om vêret, no i helga har regnet piska mot rutene. Men me her i Stavanger er jo ikkje vande med å ha ei kvit jul, tihi ;) Tidlegare i dag var me på kaffibesøk hos eit venepar, og det var superkoseleg med mykje prat og latter. I morgon er det plutseleg lille julaftan. Blir litt annleis i år sidan eg må innom jobben nokre timar på kveldstid, men det er no berre slik det er, jula kjem uansett. Skal prøve å runde av her, håper du har hatt ein fin adventssundag:
✦ pakke inn julegåver medan me (eller, kanskje mest eg) såg på Love Actually
✦ lese Drømmen om Narnia av C. S. Lewis, den fyrste boka Narnia-serien
✦ faktisk ein liten fargeeksplosjon langs grøftekanten då eg gjekk til jobb
✦ denne veka var det ein nabobutikk som høyrte på "Winter Song" av Adam Douglas
✦ fredagsselfie i ein ekte favorittkjole, ein kjole som er bruktfunn og som ein kunde skraut veldig av
✦ bok nummer to i Narnia-serien, Løven, heksa og klesskapet, har eg også nyleg lese
✦ og sidan høyre denne episoden av The Comfort Book Club
✦ vintersola som stakk fram etter at eg hadde vore eit par timar på jobb tysdagsmorgon
✦ feire gode resultat på jobb (budsjettmessig) med muffins
✦ James Rebanks si nye bok, Fuglevokteren fra Vega, er ei av årets beste, meir om den seinare
✦ at julekonserten me var på førre veke fekk terningkast seks i Aftenbladet
✦ stemningsfulle lys i taket på jobb
✦ likte godt konseptet i juleboka The 12 Days of Christmas av Poppy Alexander
✦ Mosvatnet er fin på sin måte også no i desember
✦ strikketid om kveldane
✦ Coldplays "All My Love" med 99-åringen Dick van Dyke
✦ sundagskaffi hos eit venepar me ikkje hadde sett på lenge
✦ laurdagstaco og filmen Home Alone 2
✦ mjukt lys frå julesoppen (og så dei morosame grompenissane)
Merkelapp
sundagsliste
20. des. 2024
Siste etappe frå ein togtur i sommar
Regnfull fredag i desember rett før jul. Eg prøver å senke skuldrene etter ein lang dag på jobb. Har lese litt i eit julehefte, og no tenkte eg å dele siste etappe frå årets togtur. Sidan det gjekk ein direktebuss frå ferjeterminalen til Kristiansand, gjorde me det enkelt. Tog er jo absolutt å føretrekke, men me funkar jo det også. Stod opp tidleg, åt god frukost og las litt i lugaren før ferja la til kai i Oslo klokka ti. Måtte vente ein time på bussen, og bussturen var ikkje særskilt spennande, så fyrst framme i Kristiansand, tok eg eit lite bilete. Kjipt at det blei eit dårleg lokaltog utan fungerande klimaanlegg på siste del av turen, men om ikkje anna, var det flott å sjå norsk natur igjen.
Alltid noko terapeutisk ved det å sitje i eit togsete og sjå landskapet fyke forbi. Nei, me var ikkje nøgde med togsettet og situasjonen som sådan, men heldigvis er det ikkje langt mellom Kristiansand og Stavanger og utsikta hjalp litt på humøret. Lesing stod på planen, sauane såg ut til å ha det fint ute på jorda og plutseleg var me heime i byen igjen. Knipsa eit lite bilete av togstasjonen – ikkje på langt nær så flott og staseleg som ein del av dei andre me hadde vore innom på i løpet av to veker på tur – og kom oss til slutt på lokalbussen som tok oss med heilt tilbake til heimen vår. Og det er rart med det: borte bra, men heime best ;) Takk for følgjet frå vår interrailtur 2024.
Merkelapp
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)