18. jan. 2023

Onsdagskakao


Favorittkopp fylt med kakao. Kvar vår kopp med god, varm sjokolade. Å halde rundt koppen slik at mine kalde hender blir varme. Finne fram ei av dei kjekke bøkene eg les for tida og berre slappe av. Det er januar, og sjølv om det blir lysare dag for dag, er det mange dagar med sludd og gråvêr, ordentleg hufsete og rufsete. Kanskje burde eg byrja å lage fotobok frå fjorårets togtur, eller kanskje burde eg strikke meir på dei to strikkeprosjekta eg held på med. Aller helst burde eg sikkert ha komme meg tidlegare i seng, for det er noko med ein god natts søvn, særskilt no når det er mørkt. Men så er det hygga den der kakaokoppen gir meg. Og ikkje minst boka, lesetid gir meg ro. Så eg gir meg sjølv litt meir tid med kakaoen før den blir kald og boka før eg blir altfor trøytt.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Ja til slike stunder! Hverdagsgledene er ekstra viktige i januar, hihi!
Så fin kopp <3

Silje sa...

Tar vare på slike kvardagsstunder, dei er gode som gull, særskilt når det er kaldt og mørkt ute. Og den koppen har eg hatt ei stund, synest den er kjempefin <3 God fredagsklem! :)

Ida sa...

Så fint blogginnlegg Silje ❤️ Roen og den fine stunden du beskriver gikk rett i hjertet mitt. Og ikke minst, jeg fikk lyst på kakao. Så det skal jeg lage meg nå 😉 Klem til deg.

Silje sa...

Finaste deg, du og dine kommentarar varmar hjartet og lyser opp ein grå februardag ❤️ Tihi, seier ikkje nei takk til ein kopp med god, varm kakao 😉 Klem til deg også!

Legg igjen ein fin tanke