30. apr. 2018

Biblo Tøyen

Biblo Tøyen, biblioteket for dei mellom 10-15 år, vaksne ingen adgang. På fredag var me altså i Oslo på ein liten "studietur" der Biblo Tøyen var fyrste stopp. Okei, til vanleg er det berre opent for barn og ungdom, men dei har ofte omvisning utanom opningstid for bibliotekarar og andre interesserte. Og før eg seier noko meir: så mykje fargar og så mykje kult interiør. Gondolar og bokhyller på skjener, grotter og holer som ein kan krype inn i med vener, ein gammal buss og ein rosa bil, spegelvegg og ei eiga sko- og vaksengrense. Biblo Tøyen er vel så mykje ein møteplass som eit bibliotek. Her kan ein komme for å lage enkel mat, gjere lekser, spele spel, vere saman med andre på same alder, slappe av. Og kanskje lese ei bok. Eit bibliotek er ikkje lenger berre ein lese- og studieplass. Då dei skulle få i stand biblioteket (som opna for dryge to år sidan), spurde dei ungar om kva dei helst ville ha i eit rom der dei er på fritida, men utan å bruke ordet bibliotek. For mange er det framleis er ein "hysje"-stad, ein "stille plass". Ungane har på denne måten vore med på å bestemme deira eigen friplass. Eg synest i alle fall at denne plassen og opplegget er supertøft.


Sidan Biblo Tøyen ligg nesten vegg i vegg med Deichman Tøyen, fekk me ei kort omvsining også ved dette biblioteket. Svart tak som får lokalet til å virke mykare, ein tribune i barnekroken av små treesker, skilting med krittavler, gamle dørar som skillevegg og magasinhaldar og generelt ei avslappa og koseleg atmosfære. Kunne gjerne hatt dette som min faste leseplass i byen :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Jeg har nesten vært litt furt for at jeg ikke slipper inn i ungdomsavdelingen, fordi det ser så koselig ut der. Men biblioteket for oss voksne er jo også kjempefint, jeg bruker mye biblioteket som arbeidsplass og det tror jeg vi er flere og flere frilansere og studenter som gjør, så det er likeså viktig å utvikle, som et sted for bøker!

Silje sa...

Måtte nesten le litt av at du er furten fordi du ikkje for vere i barne- og ungdomsavdelinga ;) For det er skikkeleg tøft og stilig der inne. Men eg likte også godt det "vanlege" biblioteket, og eg er så einig i det du seier om at det er like viktig å utvikle biblioteka som arbeids- og møteplass som ein stad berre for bøker :D

Katrine sa...

Nei har du sett, for et utrolig fint og inspirerende bibliotek!! <3

Silje sa...

Ja, tenk viss fleire bibliotek hadde vore som Biblo Tøyen :D

Legg igjen ein fin tanke