Andre sundag i januar, den andre sundagen i 2018, er snart over. Sjølv om veka starta med ein grå og litt kjip måndag, tok den seg opp og det har vore nokre bra dagar med ein del lesing, spelekveld, kaffi (og te), fransk, fine dagar på jobb og ikkje minst ein akkurat passe roleg sundag. Ei ganske vanleg veke utan for mykje stress eller krumspring, og eg synest det er greitt med slike veker innimellom også. For det er kvardagar det er flest av, så det hadde vore dumt å ikkje ha vore nøgd med at det er slik det er. Mange av bileta mine på Instagram er merka med emneknaggen #kvardagsglede nettopp fordi det er mykje glede i kvardagen om ein berre tenkjer etter. Berre nokre små tankar sånn seint på sundagskvelden. No er det på tide å dele sundagslista:
✦ sjå Little Women og Cold Feet (Kalde føtter) på NRK Nett-TV
✦ dette er akkurat slik eg har det når eg les ei god bok
✦ få høyre at nokre vener av oss blei foreldre på måndag
✦ "Dropp svada!" – ei god kronikk om kvifor det er viktig å skrive korrekt, tydeleg og bra norsk
✦ kjekt å dekke på med mormorserviset og dei nye, kule bordbrikkene som mamma har laga
✦ og grunnen til fin borddeking: middagsbesøk og spelekveld med kjekke folk
✦ Alicia har publisert eit blogginnlegg med alle hennar bidrag i Monthly Makers
✦ stilig skilt på dialekt midt i sentrum
✦ sortere bokbileta mine på Instagram med emneknaggen #siljeles
✦ kjenner iveren etter å rydde og ordne når eg ser denne planen inne hos Anna María
✦ ein av favoritteane mine i favorittkoppen på ein elles grå dag
✦ "Folkehøgskolen ga meg et pusteår etter videregående" – tommel opp for folkehøgskulene
✦ Maggie Smith i den herlege filmen Lady in the Van
✦ skrive ned nokre planar i den fine kalenderen (og ein liten bit sjokolade)
✦ fyrste øving med orkesteret i det nye året
✦ Duolingo og den franske actionkomedien Taxi
✦ det er ikkje Agatha Christie, men likevel stas å følgje Poirot på eit nytt mysterium
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så mye fint! Håper uka di blir fin <3
Må seie meg einig der ;) Og så er det så kjekt å lage desse oppsummeringane, for det er ofte då eg ser kor mykje bra som eigentleg skjer kvar veke <3
Legg igjen ein fin tanke