1. jan. 2018

Dei aller siste dagane av totusenogsytten

Så er det plutseleg 2018. Eit heilt nytt år. Ingen veldig stor feiring på oss i går, men likevel veldig koseleg kveld med kalkun, kransekake og hygge med familien, spele spel med tanteungane og vere ute med stjerneskot og sjå på rakettar. Trur me la oss i halv ett-tida i natt. Elles har dei siste dagane sett slik ut: snø på dei høge fjella, den kvite snøen mot den blå himmelen og den gardsraude fargen.


Flott å sjå den restaurerte smia lyse opp i skogen. Nokre har gått på ski medan andre har testa ut hoppbakken med både små treski og små skihopparar. Eg har vore litt ute i snøen eg også sjølv om det ikkje er min favoritt, men for det meste har det vore bok og brettspel inne.


Julestjerne og juleduk høyrer romjula til. I løpet av desse dagane feira me ein julaftan nr. to og eg har fått lov til å klappe Jeremias litt innimellom (han har ikkje vore inne noko særskilt sidan han er skeptisk til dei tre små tanteungane som har vore på besøk). Pynta meg litt i går og hadde (nesten) ein fjørpryd på hovudet. Nokre rakettar blei fanga på film, og så var totusenogsytten over. Familien på fem har reist heim, og han fine og eg reiser heim i morgon. Kvardagen byrjar på onsdag.

Legg igjen ein fin tanke