I fjor fortsette eg å lese mykje, og det har vore herleg å kjenne at lesegleda fortsett er til stades. Det enda opp med meir eller mindre 92 bøker og det må eg kunne vere nøgd med. Ikkje for det; det er ikkje eit mål å lese flest mogleg bøker, men det viser at eg liker å lese og at eg har funne mange bra bøker som har fenga meg. Då året starta, var det berre ei leseutfordring eg ville vere med på, og det var denne. Eg har ikkje tenkt noko særskilt meir på den, for eg har funne ut at det som fungerer best for meg er å lese det eg vil når eg vil, ikkje la meg styre av kva som er populært eller ei leseutfordring. Men det fungerer kanskje betre for andre. Likevel: eg kan huke av på omtrent halvparten på den utfordringa, blant anna ei bok som var skriven for over hundre år sidan (Anne of Green Gables og Dr. Jekyll og Mr. Hyde) og ei bok som tar plass i min by (Skada gods).
Trur ikkje det blir nokre leseutfordringar på meg i år, i alle fall ikkje i stor skala. Nok om det, blogginnlegget skal eigentleg handle om bøker eg las i fjor ;) Men kor skal eg byrje?! Eg hugsar jo så klart veldig godt dei siste bøkene eg las, men å skulle prøve å oppsummere eit heilt i bokår – vel, eg skal forsøke. Rom av Emma Donoghue var ei av dei fyrste eg las i fjor, ei historie som framleis sit igjen. Og morosame The Rosie Effect av Graeme Simsion gjorde at eg småhumra medan eg las den.
Fram mot bokdagen 23. april, las eg ein liten haug med metabøker der 84, Charing Cross Road: To bokelskeres brevveksling av Helene Hanff er den eg nok likte best. I tillegg til mykje krim, har eg også lese ein del bøker som i alle fall syntest var rørande: Jeg er her av Clélie Avit, Når vi møtes igjen av Kristin Harmel og Wonder av R.J. Palacio. Den siste er nettopp blitt filmatisert, så kanskje den bør vere den neste på lista over filmar eg skal sjå?!
Ei av bøkene som overraska mest i fjor, var Jordfast, debutromanen til Graham Norton. Koseleg krim (om det går an å seie det slik) på sitt beste. Den trettende fortellingen av Diane Setterfield overraska også. Boka har eg hatt ståande i bokhylla mi i mange år, eg veit faktisk ikkje når eg fekk den heller, og av ein eller annan grunn har den aldri blitt lesen. Ikkje før i fjor. Spennande, mystisk og bra skrive. Norske gleder av Ragnar Hovland overraska også positivt.
Bøker som eg verkeleg har kost meg med er blant anna Anne fra Bjørkely av Lucy M. Montgomery. Mot slutten av året las eg også originalutgåva Anne of Green Gables. Sanne gleder av Lars Saabye Christensen, Skada gods av Tore Renberg (sjølv om eg ikkje har lese dei to fyrste i tillegg til at boka er over femhundre sider), Vokteren av tapte ting av Ruth Hogan og Royal Wedding av Meg Cabot er fire andre bøker som eg har smilt av og som har lyst på ein grå dag eller to.
I forfjor stod boka Et helt liv igjen som ei av dei beste bøkene. Robert Seethaler har gjort det igjen med Tobakkshandleren. Seethaler har eit språk som gjer at eg berre vil lese meir og meir. Andre bøker som også har forfattarar som skriv veldig godt er Nøtteskall av Ian McEwan og Kjærleikens ferjereiser av Edvard Hoem. Nokre andre bøker eg gjerne vil nemne, er bøkene som gjorde eit sterkt inntrykk. Tung tids tale av Olaug Nilssen, Ta hand om deg av Lars Ove Seljestad og En gatekatt ved navn Bob av James Bowen. Og dette var mitt bokår 2017 i korte trekk :)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Virker som leseåret ditt har vært bra! Og du sier det jo selv; viktig å kose seg med det man leser. Tung tids tale er jeg spent på selv, har hørt mye bra om den. Jeg kommer heller ikke til å bli med på noen leseutfordringer i år, logisk nok, og er spent på hvordan leseåret 2018 blir. Fint å lese om ditt leseår 2017! Håper 2018 blir like bra, om ikke bedre ;)
Skjønner jo godt at det ikkje blir nokre leseutfordringar for din del i år ;) Som eg skreiv i innlegget, så er det viktigaste for meg å lese bøker som eg liker, anten dei er morosame, rørande, tøffe eller spennande. Ønskjer rett og slett at lesinga skal gå føre seg på mine premissar:) Og eg satsar på at 2018 blir like bra på lesefronten som i fjor, ja :D
Legg igjen ein fin tanke