3. jan. 2018

Alltid dei vakraste fjella

Å stå ute ved barndomsheimen til mannen min og sjå denne utsikta. Eg veit eg har sagt det nokre gongar før, men eg blir aldri lei. Desse fire bileta er ikkje tatt same dagen (og dei er tatt med mobilen), men likevel. Tåke eller blå himmel, solnedgang eller endå seinare – magisk og nydeleg! Me kom heim i åtte-tida i går kveld og fekk middag og kaffi heime på Sola før me drog til leilegheita vår. Ein grei overgang til kvardagen, og det var også heilt greitt å ha seinvakta på jobben i dag, for då kunne me sove litt frampå. No er det litt franskøving med Duolingo før me går og legg oss.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

For en fantastisk utsikt! Håper det var like fint å vokse opp der som det ser ut til. ^^

Silje sa...

Og det trur eg det var ^^ Fantastisk natur og mykje leikeplass :D

Legg igjen ein fin tanke