11. jan. 2018
Vakker stemme, like vakker musikk
Når eg skal høyre på roleg og avslappande musikk, har eg ei liste på Spotify med songar som i mine auge passar inn i den sjangeren. Utanom den eine spelelista, har eg også nokre eigne lister som inneheld berre eit album eller ein artist. For det er nokre eg stadig vender tilbake til. Enya er ei av dei. Med songar som Book of Days, Echoes in Rain og May it Be er Enya ein artist eg ofte høyrer på. Når eg skal lese, når eg vil lukke auga og slappe av etter ein arbeidsdag, når eg vil roe ned tempoet. Caribbean Blue er ein av dei songane eg har høyrt mest på opp gjennom oppveksten (for mamma er også glad i Enya), og eg hugsar enno at eg såg denne musikkvideoen på ein VHS ein gong. No i kveld skal eg ta fram ei god bok, roleg musikk og berre ta det heilt med ro.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke