8. jan. 2018

"Manda' morra blues"

Kontrasten er stor frå førre måndag (den gode starten på året) til måndagen i dag. Sykkelen slo seg vrang, den høgre foten var ikkje god, eg kom meg seinere av garde til jobb enn planlagd; det var nesten som om eg hadde stått opp med feil fot. Timane på jobb var jo greie, skal ikkje klage på det, men det har vore ein grå og litt kjip måndag. Difor var det fram med det finaste kruset, god te og bra bok då eg kom heim. Så no er det litt betre, og eg satsar på dagen i morgon blir lysare.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Håper morgendagen blir bedre :)

Silje sa...

Takk, fine deg! Satsar på det ^^

tea sa...

Æsj, er ikke noe gøy når ting slår seg vrange på den måten :/ Kanskje ikke verdens undergang, men likevel nok til å legge en demper på humøret. Håper resten av uka blir bedre! <3 Klem!

Silje sa...

Alltid godt med litt sympati ;) Takk og klem tilbake, fine Ida <3

Legg igjen ein fin tanke