7. jan. 2018

Ein god start på 2018

Ein flott start på året, noko som gjer at det plutseleg blei ein del bilete i den fyrste sundagslista i år. Me starta veka og året på Sjøholt med god frukost og quiz, og fyrst 2. januar flaug me heim til Sola og Stavanger. To av dagane har me ete middag heime hos mamma og pappa saman med broren min og ein fetter av meg. Zalo har vore heilt i hundre der han blant anna ville vere med og spele "Dominion" og ete moccamoussen til pappa. Det har vore kjekt å vere tilbake på jobb igjen med mykje rydding, bort med julebøker og -filmar og fram med andre utstillingar. Alt i alt har det vore ein super start på 2018, og under er det ei oppsummering med ganske mange fine punkt:

✦ den fyrste frukosten i år med kokt egg, kaffi (så klart) og ein poesiasjett
✦ Jeremias som endeleg torde å ta turen inn slik at me kunne vere saman med han
✦ herlege, små kapittel i boka Norske gleder
✦ små, nusselege kaninar som hoppar rundt
✦ sola som skein inn i stova vår i går morgon, ein super start på helga
✦ sjå ekorn då me gjekk i Sørmarka i går
✦ "The 10 Nicest Things to Do for Book Lovers"
✦ blåtime og nydeleg solnedgang høgt oppe i skyene då me flaug heim på tysdag
✦ ein kan lære mykje av å lese Harry Potter-bøkene
✦ lese litt guilty pleasure med serien The Princess Diaries
✦ å få høyre at ei god veninne nettopp har trulova seg
✦ og meir Harry Potter"Top 10 Quotes from J.K. Rowling to Lumos Your Life"
✦ finaste Jeremias som var med på julequizen i Dag og Tid
✦ øve fransk med både Duolingo og Coffee Break French
✦ gi pratsame Zalo bittelitt klementin
✦ tenk å kunne besøke Hopewell Rocks, både når det er flod og når det er fjøre
✦ spele bowling ein torsdagskveld med broren min, fetteren min og mannen min
✦ setje fram ei ny filmutstilling på jobb
✦ dei fine frostmønstera ute på skogstur i går
✦ Crosswalk the Musical on Broadway – nok ein gong James Corden

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

For en fin start på året! Håper resten blir like bra :D

Silje sa...

Hadde ikkje klaga på det ;) God måndag til deg, Luisa :)

Legg igjen ein fin tanke