22. des. 2017
Middagsbesøk og den vakraste julekonserten
Seinare i dag kjem det ein fin gjeng med veninner på besøk, og eg gleder meg som ein liten unge; det er nemleg ikkje kvar dag me møtast, alle fem. På måndag hadde me også nokre kjekke folk på besøk. Me åt god middag, prata og lo før me køyrde i samla flokk ned til Stavanger konserthus. Konserten me skulle høyre på, var julekonserten "Desemberstemninger" med Ole Edvard Antonsen, Didrik Solli-Tangen, Stine Hole Ulla og band. Og gurimalla, det var berre heilt magisk. Då Antonsen spelte "Vidda" og temaet frå Tre nøtter til Askepott og Solli-Tangen song "O, Helga natt" og "Anthem" frå Chess, då kom det eit par tårer. Så vakkert! Og det toppa seg med allsong på det siste verset av "Deilig er jorden". Ein alle tiders måndagskveld i advent.
Merkelapp
hygge,
mat og drikke,
musikk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke