17. des. 2017

Julehefte, julefilm, julebok og generelt julestemning

Julefilm, snø og frost, julehefte, julebok, julemusikk. Ei juleavslutning. Ingen tvil om at jula snart er her. Veka starta med snø og sjølv om den ikkje låg mange dagane, blei det med eitt så mykje lysare ute (og jaggu meg kom det ikkje bittelitt snø i dag også). Med julestemning både ute, i byen, på jobb og her heime, har det rett og slett vore nokre fine dagar. Det er noko eige ved den tida me er inne i no. Eg har eigentleg ikkje så mykje meir å seie, og lista rett under oppsummerer jo veka bra:

✦ jentekveld med klementinar, peparkaker og Love Actually
✦ invitere heim dei nærmaste kollegaene mine på tapas som ei kjekk juleavslutning
✦ 12 miljøsmarte nyttårsløfte inne hos Emma
✦ gå heim frå jobb i eit lyst, snøkvitt landskap
✦ fuglane som kvitrar i toppen av dei snødekte trea
✦ den gamle juleklassikaren The Bishop's Wife
✦ lese ei så god bok at ein skulle ønskje bussturen til jobb var litt lengre
✦ artig julemusikkvideo der ein og same mann speler på ganske mange forskjellige intrument
✦ juleheftet Juleroser, den søte juleboka En eventyrlig julereise og så klart kaffi
✦ sitje på bussen og sjå ein nydeleg soloppgang over Ullandhaug
✦ "Skogens lucia – ljusets natt", ein vakker video inne på bloggen til Jonna
✦ julehjarta som heng på eit tre ved Breiavatnet
✦ sjå på og le av Whose Line is it Anyway? Australia
✦ "Honest Trailers – Star Trek: Next Generation" – eg lo slik at tårene byrja å renne
✦ snøkrystallar på busskuret ein tidleg morgon
✦ alltid kjekt å lese ein Agatha Christie-klassikar (Tre blinde mus)
✦ stilige taklamper hos Kanelsnurren

Legg igjen ein fin tanke