10. des. 2017

Gatekunst og lysare landskap

Ein del bilete å dele med dykk denne sundagen – ikkje fordi det har skjedd så veldig mykje i denne veka, men det har vore ein del å ta bilete av. Bok, adventsstjerna i vindauget, fin og kul gatekunst, julepynt og snø. Regn, vind, storm, sludd og snø, her har me hatt alt i løpet av berre nokre dagar. Lesing og hygge har det blitt her inne med lys og nokre koppar med te. Tysdag var det både samling og lunsj med jobben på dagen og konsert med orkesteret om kvelden. Eg har fått truffe nokre fine folk i helga, vore ute på julehåvehandling og slappa av. Og vanlege dagar på jobb, nokre lengre enn andre. No sit me og ler av Whose Line is it Anyway? Australia, og vekesoppsummeringa er klar:

lese ut den fine juleboka Let it snow med ein kopp kaffi ved sidan av
✦ sjå den herlege, lille julebyen i miniatyr då me var i Sandnes på julegåvehandling i går
✦ det var ikkje eg som gjorde det, men litt artig å sjå mitt eige namn på spegelen inne hos ØST
✦ skummel og samstundes morosam gatekunst på ein vegg i Stavanger Øst
✦ ein vakker versjon av hovudtemaet frå The Gladiator
✦ skru saman nye utstillingsbukkar på jobb
✦ lunsj med jobben inne på ein herleg julepynta kafé (ØST)
✦ gode og viktige ord på ein vegg midt i sentrum
✦ viktig blogginnlegg om #metoo-kampanjen inne hos Julianne
✦ fantastisk soloppgang, vel å merke førre veke, for det var den fyrste soloppgangen i desember
✦ at det er komme ut nye episodar av Cold Feet (Kalde føtter)
✦ "Bohemian Rhapsody" med Pentatonix
✦ adventssjerna og adventsstaken når det er som mørkast ute
✦ treng det ikkje, men berre måtte ta bilete av "lesesokken" og "lesepleddet" som eg såg hos Ark
✦ flott bilete frå Flåm på Instagram-kontoen til Interrail
✦ hest og kjerre i gågata (Langgata) i Sandnes, det gir jo julestemning de luxe
✦ spele "Nøtteknekkersuiten" på konsert med orkesteret
✦ okei, eg er ikkje den største fanen av snø, men det gjer no landskapet mykje, mykje lysare

Legg igjen ein fin tanke