Etter at det var kaldt og tørt ute dei siste dagane førre veke, er det no nærmare ti plussgradar og bøttande regnvêr. Vanskeleg å tru at me er i desember når ein ser ut av vindauget. Det er då det er ekstra koseleg å starte dagen med å lese kapittelet "6. desember" i
Julemysteriet medan eg høyrer på "The Christmas Song" (for eg har jo så klart ei eiga julemusikkliste på Spotify). Skal av garde til seinvakt på jobb etter kvart, men akkurat no slappar eg berre av, ein onsdagsmorgon i desember.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Håper det blir litt mer julestemning ute hos dere snart. Kjedelig med regn :/ her har det snødd ganske mye, så landskapet er hvitt og fint. Kos deg på jobb! ^^
Litt julestemning får ein no likevel med alle julelysa på jobb ;)
Legg igjen ein fin tanke