Når ein fyrst er i Wien, er det nesten eit must å ta turen innom Schloß Schönbrunn, og det gjorde me dagen etter tog- og vaskeritur. Schönbrunn-palasset er eit av dei viktigaste kulturminna i Østerrike, og dette er nok ein stad som står på UNESCO si verdsarvliste. Før me kom så langt som til palasset, hoppa me av på ei stopp langs T-baneruta, for eg "berre måtte" ta bilete av dette kule namnet ;) Vel framme ved Schönbrunn, visste me nesten ikkje kor me skulle byrje – alt er storslått og området er enormt. Sto ei stund og berre såg på det store palasset. Tenk å lage noko så svært!
Palasset ligg ved nokre store grøntområde der ein kan gå opp ein bakke for å få ein super utsikt ned til "slottsplassen". Fontener og skulpturar så langt auga kunne sjå. Me kjøpte billett slik at me kunne komme inn i palasset for å sjå alle romma i all si prakt. Det er dessverre ikkje lov til å fotografere inne, men wow! Om du nokon gong er i Wien, bør du absolutt ta ein tur innom Schönbrunn. Ein ting er alt ein kan sjå ute, men det inne er så himla pompøst, gull og glitter.
Til slutt nokre detaljbilete av nydelege vassliljer, dei fargesterke blomane, den grøne bogegangen, måleriet i taket i nemnde bogegang. Det som i mine auge var endå vakrare: nasjonalbiblioteket!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
wow vilka omgivningar! Det måste varit mäktigt att promenera runt där. Wien får hamna på listan över städer att besöka!
Veldig storslått, det er heilt sikkert! :) Me var også innom både biblioteket og operaen, og der er det endå meir storslått og vakkert! Wien er ein bra by :)
Legg igjen ein fin tanke