1. mai 2017

Fine minne i ein liten boks

Altså, kor blei april av?! Mai er her med brask og bram, og det er snart ein månad sidan me var med på å feire A og F sin store dag. Fordi eg synest det er stas å kunne gi vekk eit lite minne, fann eg ut at eg ville lage ein liten boks med bilete frå utdrikkingslaget og bryllaupet. Eg har lenge tenkt på å lage ein fotoboks som denne, så eg kjøpte ein liten boks, eit stort ark med grøn kartong, fann dei bileta eg syntest skulle få vere med og printa dei ut. Klipte ut passe store strimlar med kartong (hadde målt boksen på førehand) og bretta dei som eit trekkspel. Limte bileta på kartongstrimlane, skøytte saman strimlane (tre stk), og fekk til slutt heile den lange trekkspelstrimmelen oppi boksen.


Og slik blei resultatet. Så kult og enkelt, og verkeleg ei lita gåve som passar til mange forskjellige høve. Mannen min kom med forslaget om å finne ein knapp eller liknande til å feste på toppen av trekkspelet for at ein lettare skal kunne dra det ut. Som sagt, så gjort, og det blei ganske tøft. Eit morosamt, lite prosjekt. I dag er det kjøkkenoppussing på planen. God måndag, den fyrste i mai!

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Så utrolig koselig! Det var et godt tips :)

tea sa...

Du lager så mye fint, altså. En fin og minnerik gave ^^

Silje sa...

Tusen takk, begge to ^^ Er så kjekt å kunne lage ei fin, lita gåve til nokon som står ein nær :) God tysdag, finingar! :D

Legg igjen ein fin tanke