7. mai 2017

Solstrålar og kjøkkenoppussing

Seint ute med sundagslista i dag, men timane går så sabla fort når ein er godt i gong med kjøkkenoppussing. Mamma og pappa kom ein tur innom i dag og hjalp oss med å få på plass veggplatene (over vasken og komfyren), og plutseleg var dei alle saman oppe på veggen. Heilt supert! Som i store delar av landet, har også me her i byen hatt nokre fantastiske dagar med sol og varme, og det gjorde godt – tenk, det var snø førre tysdag. Her er vekas oppsummering:

✦ heilt greitt med jobblaurdag når ein har kaffi, bøker og gylne solstrålar
✦ at avisa Dag og Tid fekk Fritts Ords Pris 2017
✦ setje av tid til å lese litt kvar kveld sjølv om me har jobba mykje på kjøkkenet om kveldane
✦ vakre parbilete inne hos A Beautiful Mess
✦ knallblå himmel og sola som skin på blada på treet
✦ "Vad Hogwarts betytt för mig" – alltid HP, og Alicia skriv så bra om dette
✦ vakre illustrasjonar på ei fagbok for barn (og ein liten solstråle som gjorde boka endå vakrare)
✦ kanskje me skal køyre denne delen av Kongevegen neste år; nydeleg er den i alle fall
✦ hekle sekskanta lappar i kule fargar
✦ desse to kattane og denne søte neshornungen
✦ sykle til og frå jobb når fuglane kvitrar, himmelen er knallblå, vinden er stille
✦ "Top 10 Amazing Movies You Missed This Winter"
✦ gå ein liten tur opp til Ullandhaug der me møtte på nokre nysgjerrige lam
✦ kult å lese om passivhus med tradisjonell reisverk
✦ starte ein av dagane med å sjå ein Poirot-episode
✦ sitje ute på balkongen og lese etter jobb i går
✦ ny song frå Glen Hansard
✦ stor stas å sjå at forandringane på kjøkkenet byrjar å bli veldig synlege

Legg igjen ein fin tanke