Sjølv om me er midt i oppussing av kjøkkenet i tillegg til at eg prøver å få lese litt kvar ettermiddag, har eg mange kveldar kjent at eg har mangla noko handarbeid. Me har ein løpar på sofabordet vårt, men berre den eine, og eg syntest det kunne vere kjekt med ein ny. Etter å ha vore ein tur ute hos
Sandnes Garn, fann eg desse tre fargane (ja, eg veit, det ser nesten ut som 17.mai-fargar). Så no er eg i gong med å hekle små sekskantar som eg etter kvart skal sy saman. Trur dette blir bra :)
Legg igjen ein fin tanke