15. mai 2017

Snart ein svipptur til Stockholm

Laurdag om halvanna veke er me på veg til Stockholm for eit par dagar. Min betre halvdel skal vere med på eit seminar, og før det byrjar, tar me ei lita langhelg saman i byen (laurdag-måndag). Så, viss det er noko me berre må sjå, ete eller oppleve, set eg pris på ein kommentar eller to. Denne måndagen har vore grei med jobb, passe sykkelvêr og no er det om litt pizzarestar til middag.

0 kommentarer: