9. mai 2017

9. mai 2016

Veit ikkje heilt om det kjennest ut som om det har gått eitt år, men i dag er det altså 365 dagar sidan eg leverte frå meg masteroppgåva mi. Ein skulle tru det var i går samstundes som det kjennest så lenge, lenge sidan. Kjensla av å levere – den kjenner eg enno. Eit stort og ekte smil. Men eg hugsar også alle dei timane med frustrasjon der eg ville kaste Macen i veggen, der eg lurte på om eg berre skulle gi opp, gi blanke f. Eg har jo tidlegare skrive eit par innlegg her på bloggen om studietida med ved UiS, og det eg skreiv då står eg framleis for. Men no har det gått eit heilt år, og eg tenkjer ikkje lenger like mykje på alt det kjipe. Eg er nøgd med og glad for at eg fullførte. Å ha den mastergraden i boks gjer godt, særskilt sidan det kosta ein god del krefter. Det er bra no.

2 kommentarer:

teabooks sa...

Det er sikkert godt å få litt perspektiv på hele prosessen. Følelsen av å levere masteroppgaven vil nok ikke forsvinne med det første, men det er fint å høre at de kjipe tankene stort sett er borte. Gratulerer med ett år! ^^

Silje sa...

Har ikkje så mykje å seie anna takk, finaste Ida <3