3. apr. 2017
Liten Ullandhaug-tur
Håper alle har hatt ein tipp topp start på den nye veka :) For min del var det ein kort arbeidsdag, eg fekk gjort nokre ærend og då eg kom heim, sat eg ei lita stund ute i sola med ei bok i fanget. Heilt herleg! Onsdag førre veke var me ein tur opp til Ullandhaugtårnet. Stilig å sjå tårnet i ordentleg silhuett med blå himmel og kvite skyar bak! På veg bort og opp til tårnet, såg me som nemnt eit esel med ein liten fole, og dei var så fine begge to. Vel oppe i tårnet, stod me berre og titta utover byen. Framleis litt nakent ute i bakkane og på trea, men eg er no glad i byen vår for det om :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Jeg synes du/dere er veldig flinke til å komme dere ut på tur altså!
Ellers hørtes det ut som en fin start på uka, litt roligere med tid til ærend og lesing! Håper du får en fin dag :)
Enig med neverendingcircles, dere er veldig flinke til å komme dere ut på tur! ^^
Så godt å sitte og lese ute! Gleder meg veldig til det blir min tur :)
Ikkje alle turane er like lange altså ;) Men me prøver å gå tur to-tre gongar i veka, for det gjer så godt både for sinn og for kropp. Og så er det litt ekstra stas når ein oppdagar nye stiar og plassar :D Lesing ute i sola håper eg verkeleg det blir meir av; akkurat no er det grått ute. Håper de begge to også får ein bra dag ^^
Legg igjen ein fin tanke