14. apr. 2017

Daunt Books i Marylebone 📚

Medan me er ein tur oppe på fjellet på hytta, slik me ofte er i påska, kan de sjå på ein liten haug med bilete frå den aller finaste bokhandelen, nemleg Daunt Books i Marylebone. Og om det skulle vere noko som helst tvil, så er denne bokhandelen i London – me besøkte den då me var der i januar – og sidan det ikkje er internett på hytta, er dette blogginnlegget publisert på førehand ;)


Eg hugsar ikkje korleis eg fann ut at me skulle innom denne bokbutikken, men trur nok at eg las det på nettet ein eller annan gong, eller kanskje var det i ei reisehandbok. Men sjå, fargerike bøker overalt. Mummitrollet, bok om fenomenet "hygge", ein versjon av Stolthet og fordom berre med emojis og fine maleri om ein kikka opp mot taket. Så mange detaljar å leggje merke til.


Vakre fargar og like vakre bøker så langt auga kan sjå! Stilen i butikken er ikkje av den moderne sorten, men desto meir sjarmerande og unik. Trur også mannen likte denne butikken.


Slitt, gammal trapp. Like gammalt rekkverk. Ein smal etasje der ein kan få utsikt over heile butikken. Ei lampe som er knallgrøn, og for ein som elskar bøkene til Agatha Christie, er denne hylla heilt fantastisk. Ein ypperleg plass for alle som er over gjennomsnittet glad i bøker.


Også i England er bøkene til Elena Ferrante populære (på jobb har det vore lange ventelister på bøkene i Napoli-kvartetten, særskilt den siste), og så må eg snart få lese Poirot-boka Closed Casket, ei bok skriven av Sophie Hannah, ho som blant anna har skrive Monogram-mordene. I denne butikken kunne eg fint ha sete lenge og vel i ein god stol og drøymt meg vekk med ei av dei mange, mange bøkene. Kanskje ville eg ha valt ein gammal klassikar, kanskje ein reiseguide. Bøker <3

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

😍😍😍😍😍 er alt jeg har å si ;)
(hvis emojien ikke vises; det er hjerteøyne-emojien, hehe).

Silje sa...

Emojien viser klart og tydeleg! :D Og eg skjønner godt kvifor du fann fram akkurat den emojien 😍😍😍

Legg igjen ein fin tanke