2. aug. 2015

Vassliljer og andre fine ting

Endeleg fekk me ein dag med sol og litt varme! Fyrste sundag i august er snart over, og det har vore ein dag som faktisk har likna på sommar :) Sjølv om me stod opp ganske så seint, fekk me tatt oss ein gåtur rundt Hålandsvannet, ein runde på ca.7,9 km. Sykla dit, gjekk runden rundt og sykla heim igjen, så me har med andre ord vore på ein ordentleg sundagstur på over tre timar. Håper verkeleg å kunne gjere dette ein gong til før hausten og vintaren kjem. Eg berre diggar å oppdage ukjente vegar og stiar! Me var også på ein liten gåtur på torsdag etter jobb, nemleg rundt Vannassen. Så fint å sjå nysgjerrige ender blant dei nydelege vassliljene! Mi fine, lille sundagsliste kjem her:

✦ lage middag og kjøpe blomar til mannen som kom heim frå Sunnmøre på torsdag
✦ så utruleg mange fine brudekjolar med erme; det er så vakkert
✦ gå tur rundt Vannassen på torsdag og ein herleg langtur rundt Hålandsvannet i dag :)
✦ slik hadde Disneyprinsane sett ut "in real life"
✦ vere med nokre fine vener ein kveld midt i veka
✦ dei nydelge bileta til Jonna frå øya Elba får meg til å reise dit no med det same
✦ sjå den spennande og småvittige filmen Charade frå 1963 med Audrey Hepburn og Cary Grant
✦ små kvardagsgleder som å drikke presskannekaffi og spele "Scrabble"
✦ denne fine historia om alder og venskap
✦ vassliljer, både rosa og kvite
✦ alltid kjekt med videosnuttar av søte geitekillingar og ein herleg elefantunge
✦ kjekk sundagstur rundt Hålandsvannet med kaffi på termos og nistemat i sekken
✦ at eg etter nesten seks år endeleg tok steget og kjøpte meg ein ny Mac

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, en slik tur hørtes godt ut. Må få med meg samboeren på tur snart, jeg også, tror jeg. Og haha, så morsomme (og fine) de illustrasjonene av Disneyprinsene var!

Silje sa...

Slike turar er alltid så fine, både for kropp og for sjel :) Og dei illustrasjonane er jo superkule :D

Legg igjen ein fin tanke