9. aug. 2015

Tur, veninnebesøk og fint vêr

Også denne sundagen sette me av tid til å gå ein ordentleg sundagstur, og me bikka ei mil før me kom fram til parkeringsplassen igjen. Av og til kan det å gå seg litt vill vere like greitt, om ikkje betre, som det å følgje den opprinnelege ruta ;) I går var me rundt omkring på nokre bruktbutikkar, både for å finne noko og for å sjå, og med fantastisk vêr blei det til at me åt lunsjen ute i gågata i Sandnes. Nok ei fin helg er slutt, men ei sundagsliste også denne veka kan de sjå under:

✦ vakne opp til telefon frå Lefdal som kunne fortelje at me har vunne tilbake kjøpesummen på den nye Macen :D
✦ alle desse dyra hos Edgar's Mission og dette nydelege babydovendyret
✦ danse brudevalsen og mimre tilbake til den store dagen
✦ kunne sitje ute på balkongen og nyte sola om kvelden
✦ gå sundagstur i skog og mark i Melsheia, oppdage nye vegar, ta bilete av blomar og dyr
✦ le høgt av filmen The Party frå 1968 med sjølvaste Peter Sellers i hovudrolla
✦ ha ei god veninne på besøk midt i veka
✦ å endeleg få hengt opp gjestebokplakaten vår
✦ fine historier som dette
✦ få takkekorta våre i posten, så no er det berre til å skrive og sende rundt til alle kjente og kjære
✦ følgje vekeoppdateringane på bloggen til Ida
✦ få endå fleire bryllaupsbilete frå fotografen vår, og også nokre bilete frå ein av gjestene
✦ sykle ein tur til ein Fretexbutikk som ingen av oss hadde vore innom før

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, takk for link- igjen! :D Liker disse listene dine. Så koselig med brudevals og gjestebokplakat (den var utrolig fin!). Og hjelpes meg, må være utrolig fint å kunne få tilbake kjøpesummen for macen! De sakene er jo dyyyyre. God mandag!

Silje sa...

Du legg alltid igjen så utruleg fine kommentarar, Ida! Tusen takk! :D Du kan tru me blei overraska over telefonen frå Lefdal, for ein ny Mac er, som du seier, ganske dyre. Men litt flaks må ein kunne ha innimellom! ;) God måndag til deg også! :)

Legg igjen ein fin tanke