12. aug. 2015

Minibilete og den finaste fotoboka

Til jul leita eg rundt på nettet etter ein plass der eg kunne laste opp mine eigne bilete og få dei sendt som polaroidbilete. Slike bilete er perfekte å gi vekk, hengje dei opp på veggen eller kanskje på kjøleskapet. Eg tinga bileta frå polabora.com, og med gode prisar, gratis frakt og små klesklyper til å kunne hengje bileta opp med, var det også der eg nyleg tinga desse fine, søte minipolaroidbileta. Nokre skal stå i haldaren ved sidan av den store vasen og ramma med små bryllaupsbilete, medan andre skal vere ein del av eit prosjekt med snart skal i gong med. Fortsetjing følgjer ;) Fekk hentemelding frå posten i går om at både dei små bileta og fotoboka frå FotoKnudsen var klare til å bli henta (og nei, dei er ikkje sponsa). Innmari kjekt å kunne sjå gjennom fotoboka med bilete frå turen vår i fjor! Eg kjenner jo bileta godt frå dataskjermen, men det er jo eit eller anna ved det å kunne sjå dei i papirformat, halde ei fysisk bok :) Og fargen på bokomslaget er jo den aller finaste!

2 kommentarer:

Ida sa...

Så morsomt! Elsker å se i slike album og å sette de sammen. Og så gøy å få gjort bildene om til polaroid-bilder! Tror jeg må ta en tur innom siden jeg også.

Silje sa...

Gløymde å skrive at fotoboka er frå FotoKnudsen (noko som eg har retta no), det er berre dei små bileta som er frå polabora ;) Men begge delar utgjer utruleg fine minne! Er så kjekt å ha nokre fysiske bilete, ikkje berre bilete på ein skjerm ^^