3. aug. 2015

Rundt Hålandsvannet

Så utruleg herleg å vere ute og kjenne sola i andletet, den sola som me diverre ikkje har sett så mykje til i sommar! Me var som nemnt ute og gjekk ein tur i løypa rundt Hålandsvannet i går. For å komme oss dit, sykla me av garde på to hjul i ein liten halvtime. Låste fast syklane og byrja så å gå rundt vatnet. Temperaturen i lufta var akkurat passe når ein gjekk, men det var litt mykje vind til å sitje stille lenge om gongen når me ville ha påfyll av kaffi og nistemat. Svanefamilie i ein hage var noko av det fyrste me møtte på, og ikkje så lenge etterpå var det ei hegre og nokre ender. Kjekt å gå i vårt eige tempo, oppdage nye stiar, sjå utover vatnet, nyte den fine sundagen. Traff også på ein kjenning frå skulekorpset der eg spelte fram til eg var nitten :) På veg heim, stoppa me ved Selvåg gartneri og hagesenter for å kjøpe kvar vår gelato i beger frå Delizia. Ein flott og herleg sundagstur!

0 kommentarer: