25. aug. 2015
Små og store tekstilprosjekt
Tekstil er jo så mykje: det kan vere garn, gardinstoff, møbelstoff, sengetøy og klede. Lista er lang. Temaet for denne månaden av Monthly Makers har vore tekstil. Eg har tatt utgangspunkt i prosjekt eg har hatt på planen, men ikkje komme i gong med. I tillegg har eg for det mest brukt tekstil som eg har hatt liggjande her i heimen. Den eine skuffa i kommoden på gjesterommet er fylt med diverse restestoff frå gardinar og frå Stoff & Stil, så her var det berre til å ta ein djupdykk. Prosjekt 1 og 2 er små prosjekt som eg fann ut at eg ville få unnagjort, nemleg å lage små album av bryllaupskorta våre og ei klokke til gjesterommet. Me fekk jo ein haug med kort og det var vanskeleg å samle alle i eitt album. Difor blei det tre der to av dei blei dekorert med stoffbitar frå prosjektet eg gjorde i mai. Idéen til å lage eit bryllaupskortalbum fann eg her, men å dekorere dei med stoff var noko eg fann på sjølv. Eit enkelt prosjekt som også har ei veldig praktisk side, nemleg å samle alle korta på ein stad. Neste prosjekt har eg sett ulike variantar av, så me (eg fekk nemleg litt hjelp av mannen med å plukke ut bilete og hengje dei opp) enda me å berre gjere akkurat slik me sjølv trudde ville bli best. Eg målte opp ein sirkel med passar på noko papp, klipte den ut og limte på noko stileg stoff som eg hadde liggjande i stoffskuffa. Urverket er kjøpt på Clas Ohlson og bileta er som tidlegare nemnt frå Polabora. Så enkelt samstundes som det blei utruleg bra og fint! Det tredje og siste prosjektet kom eg berre i gong med, eg blei diverre ikkje ferdig. Men det er og dette prosjektet som er det største, for å knyte ei baderomsmatte av gamle handdukar er ikkje berre berre. Handdukane har ikkje vore mykje brukt, men dei har blitt misfarga i vask og er ikkje særskilt fine lenger. I staden for å hive dei rett i søpla, var det fram med saksa og sklisikkert underlag. Har lenge tenkt på å gjere denne idéen, som eg fann på Pinterest, og no har eg nok å halde på med utover hausten. Desse prosjekta utgjer mitt bidrag i Monthly Makers denne månaden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Men åh, så fina korten blev! Det här är min bästa stund på hela månaden, när man får kika igenom allas bidrag :)
Er så enig, Sandra! Utrolig kjekt å titte rundt og se alle de flotte bidragene :D
Fin idé att sätta fotografier som klockslag runt den häftiga klockan du gjort. Och det ska bli kul att se din badrumsmatta när den är färdig.
Tusen takk, Sia! :) Badematta tar litt tid å lage, men jeg skal nok klare å få den ferdig selv om det kan ta noen måneder ;)
Gud vad smart med mattan!!!! Vill också göra. Och så vackert med fotografierna som klockslag! Helt fantastiskt.
Veldig enkle, men fine og praktiske prosjekter denne måneden :) Tusen takk for fin kommentar, Jessica! Da er det bare å sette i gang med klipping av håndklær ;)
Vad mycket du hann med! Gillar klockan och att sätta foton runt! Och mattan!
Tusen takk for kjekk kommentar, Mikaela! Ble ekstra fornøyd med klokken :)
Legg igjen ein fin tanke