10. aug. 2015

Med gutta på tur

Sjølv om me til vanleg greier oss godt utan bil, er me veldig takksame for å kunne låne mamma og pappa sin ein gong i blant. Sidan me då hadde fått låne bil i helga, blei det ein handlerunde på laurdag, og i går tok me bilen til Sandnes, eller då nærmare bestemt Melsheia. I Melsheia kan ein gå på alt frå lysløype og tilrettelagde turvegar til stiar på meir ulendt terreng opp i fjellet. Sidan me ikkje hadde noko særskilt å rekkje, gjekk me alle tre (broren min var jo også med oss) fyrst litt i lysløypa før me etter kvart byrja å gå på nokre av dei små stiane. Det er det som er så utruleg greitt med Melsheia; at ein kan gå akkurat den typen tur ein vil alt etter dagsform :) Me hadde som nemnt med oss sekk med litt nistemat, vatn og kaffi, for det er noko med det å setje seg ned og ta ein liten rast. Etter å ha gått i halvannan time, fann me eit skilt med eit kart og fann ein rute me ville gå før me var ferdige for dagen. Plutseleg hadde me gått litt for langt, noko som me ikkje oppdaga før me fann eit anna skilt med kartet på. Ein eldre herremann peika ut ein "snarveg" for oss. Det var ein faktisk snarveg, men det var på ein liten sti rett opp i skogen. Bratt var det, men samstundes veldig godt å få brukt beina på litt meir enn berre grussti ;) I løpet av dagen såg me fine blomar, ein liten edderkopp, ei bille, sopp, bananskal i tre og eg tok nokre bilete av gutta på tur :) Alt i alt blei det dryge ti kilometer, og det seier me oss nøgde med! Takk for turen, gutta :D

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Haha, bananskallet! Og så mange fine bilder ^^ Det er så koselig å ta seg tiden til å bare gå rundt i skogen, uten å tenke så mye på hvor man skal gå og hvor lenge man skal gå. Artig å se litt dyreliv på veien også.

Sandra sa...

Åh, så härligt! Älskar att göra utflykter i naturen :)

Silje sa...

Ida: Måtte berre ta med det biletet av bananskalet ;) Kjenner meg sånn igjen i det du seier om å berre gå rundt utan å tenkje for mykje på kor ein vil og kor lenge ein skal gå. Å vere ute på slike turar er kvardagsgleder på sitt beste ^^

Sandra: Å være på tur ute i naturen er alltid like fint, så jeg er helt enig! :) Ønsker deg en fin uke ^^

Legg igjen ein fin tanke