5. aug. 2015

Gjesteboka vår

Som gjestebok til bryllaupet, tråla eg nettet rundt, og kanskje særskilt Pinterest, for å finne inspirasjon til kva type gjestebok me hadde lyst til å ha. Mange tankar og idéar svirra i hovudet: kjøpe ein fin globus som alle kunne skrive namnet sitt på, ei fotobok der alle kunne skrive kvar si helsing eller kanskje gjestane kunne skrive på nokre fine steinar som etterpå kunne ligge i ein fin, gjennomsiktig vase. Etter ein del om og men, fann me ut at me ville ha gjesteboka som ein plakat som me etterpå kunne hengje opp på veggen vår ute i gangen. På denne måten vil me og folk på besøk enkelt kunne sjå den. Plakaten skulle jo gjerne vere litt personleg, så etter å ha leita ei stund på etsy.com, tinga me ein illustrasjon av oss frå denne butikken. Sende teiknaren nokre bilete av oss og sa at me begge to speler messinginstrument. Etter nokre meldingar fram og tilbake, fekk me det ferdige produktet (siste biletet, øvst til høgre). Utruleg nøgd med resultatet! Ved å la instrumenta vere i nokre andre fargar og slenge på litt tekst, i same font som ein del av dei andre trykksakene, var det berre til å printe det ut på eit A3-ark, og vips, så var "gjesteboka" klar. Og om nokon skulle lure, så har eg sladda signaturane på bileta i dette innlegget, det ser jo ikkje slik ut her heime ;) For dei som ville skrive ei lengre helsing, hadde me i tillegg ein liten boks framme med lappar oppi som dei kunne skrive på. Kjekt å kunne vise fram eit så fint minne på denne måten!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

For et fint minne det der må være nå i ettertid! Det ser man jo hver dag, i stedet for å ha en bok et sted man ser på en gang av og til (eller aldri, kanskje til og med). Veldig fin illustrasjon!

Silje sa...

Illustrasjonen er så utruleg fin, og med instrumenta og notane blei det heilt perfekt! Kjenner oss igjen i den, og med signaturane frå alle i bryllaupet rundt, synest me dette er den perfekte gjesteboka :) For det er som du seier at me ser den kvar dag i staden for nok ei bok ein (diverre) berre plasserer i bokhylla.

Emmiie sa...

Vilken fin blogg du har! :)

Silje sa...

Så kjekt å høre, og takk for fin kommentar, Emmelie! :)

Legg igjen ein fin tanke