24. aug. 2015
Enkle stearinlyshaldarar av leire
Etter at marstemaet av Monthly Makers var over, har eg hatt ein god del av den lufttørkande leira igjen i skapet. Eitt kilo høyrest ikkje så mykje ut, men når ein for det meste lager småting, så er eitt kilo meir enn nok. Eg synest jo ofte det er kjekt å ha noko handarbeid eller andre kreative arbeid i sving, og desse telyshaldarane har eg lenge hatt lyst til å lage. Her om dagen var mannen på fotballkamp og eg hadde nokre timar for meg sjølv, og då var det berre å setje i gong. Det som tar lengst tid er å vente på at leira skal tørke, noko som vil seie godt over 24 timar (24 timar = berre ytst. Jo tjukkare klump, jo fleire dagar til alt har tørka). Laga fyrst ein haldar, og i dag laga eg ein til. Den fyrste er no pussa ferdig og forma blei ganske grei. Ein bør jo vere forsiktig med stearinlys, så sjølv om det står at produktet ikkje er brannfarleg, kan det vere greitt å heller bruke batteridrivne lys. Ikkje fullt så fint, men det gjer nytta :) Så får eg sjå om eg kanskje kjem til å måle nokre av sidene på den eine eller på begge lyshaldarane. Og framgangsmåten finn ein her hos Emma.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Men så fiffigt, Silje! Du är så duktig på så mycket :)
Fine Sandra! For en herlig kommentar å få så tidlig om morgenen :) Du er også smart, og i tillegg en finfin inspirasjonskilde! :D
Så fine de ble! Utrolig stilig form. Og ja, det er veldig morsomt å ha slike prosjekter liggende på lur.
Er så kjekt å ha noko smått å pusle med sånn innimellom :) Tusen takk, Ida! :D
Så fin! Skulle gärna ha en gäng sådana ljushållare på vardagsrumsbordet här hemma :)
Takk, Matilda! De er veldig enkle å lage, om man bare har tålmodighet når det gjelder tørkinga, samtidig som de er dekorative :)
Legg igjen ein fin tanke