5. apr. 2015

Påskekos og bursdagsfeiring :)

Plutseleg er påska nesten over. Me er no komme heim etter nokre herlege dagar på hytta med gåturar i skog og mark, kaffi, pensumlesing og radio ute i solsteika, påskegodt, brettspel, krimbøker, latter, glede, "Påskelabyrinten" og mykje, mykje quiz. Og eit lita bursdagsfeiring, for i dag blei eg heile tjuefem år, eg er halvvegs til femti! ;) Fekk nokre fine gåver og bursdagskort, ei god, sjarmerande og mektig kake og mange kjekke bursdagshelsingar! I morgon, sakte, men sikkert, byrjar kvardagen igjen. Påska har vore så fin som den kunne bli, men det er noko med å komme i gong med kvardagen etter nokre fridagar. Ei lita og fin sundagsliste på tampen av påska:

✦ gå på ordentleg oppdagingstur i området rundt hytta på skjærtorsdag
✦ videoar hos Jonna som verkeleg gir meg gåsehud: denne og denne
✦ sitje oppe til godt over midnatt berre fordi det er slik det er å ha ferie
✦ nyte sola ute på terrassen, akkurat slik påska skal vere
✦ dette ekornet, den skjønnaste kaninen og ein rar, men himla søt skapning
✦ quiz, quiz og endå meir quiz
✦ få besøk av ei veninne på hytta saman med blant anna denne hunden
✦ "10 saker man kan göra när man har tråkigt" – ei ordentleg bra liste
✦ lese ein "heil haug" med krimbøker
✦ liten videosnutt med ein fin, liten nashornunge, dyr med små hjartemerke og kattedyrungar
✦ nyte sola ute på terrassen med kaffi og Popquiz
✦ bursdagssong frå familien og ein bursdagssong på telefon frå svoger, svigerinne og dei fine tanteungane :)
✦ den nydelegaste katten hos Jessica
✦ å kjenne at litt snø rundt hytta berre gav meg endå meir påskestemning
✦ ha tid til å vere saman med familien og kjærasten min, sånn utan internett, TV eller andre forstyrringar. Hyttepåske er det aller beste!

Legg igjen ein fin tanke