22. apr. 2015

Dinah

Midt i oppgåveskrivinga og jobbing på Gamlingen, tar eg meg i å tenkje på reisa vår i fjor. Me har ikkje planlagt noko større tur eller reise i år, men ein skal ikkje sjå bort i frå at me tar ein tur i løpet av sommaren. Jo, me skal til Vinjerock i juli, så ei lita reisa står i alle fall på planen :) I løpet av dei tre vekene me var i Reykjavik og New York i fjor, opplevde me så utruleg mykje, og det er også noko av grunnen til at eg, nesten eitt år etterpå, framleis deler nokre bilete og innlegg her på bloggen. I dag vil eg rett og slett berre leggje ut ein haug med bilete av katten Dinah, den katten me passa dei seksten dagane me budde i Brooklyn. Trur aldri eg har møtt ein katt som mjauer så mykje, som elskar kos og som synest det var så gøy å leike (papir+snor=katteleike). Å passe på denne fine lille krabaten var ein stor del av opplevinga, og eg er så glad for at me valde akkurat den leilegheita då me tinga buplass via airbnb.no. Eit bileteras blei det i dag, men eg synest at Dinah fortener det!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Som jeg har sagt en gang før: den katten ser sur ut - den smiler ikke slik som mange andre katter gjør! Men jeg ser jo at det er en kjærlig og leken katt, så det oppveier vel "mangelen" på humør :-)
Og så kvesser den klørne på sofaen, ser jeg. Men det er det også en her i huset som gjør av og til - på SKINNSOFAEN!!
Har dere forresten sendt disse bildene til eieren? Det ville hun nok like :-)

Silje sa...

Ho ser kanskje litt sur ut, eg skal vere einig i det, men ho er ikkje det, tvert i mot :) Så kosete, utruleg glad i merksemd og veldig leiken! Og joda, den stolen var full av merke etter klør, men, men. Det er vel berre slik det blir ;)

Moder'n på Møre sa...

Hun klarte tydeligvis å få labben opp i Åsmunds suppebolle :-) Smakte det godt, mon tro?

Silje sa...

Trur det var noko frukostblanding i den skåla, så litt godt var det vel :)

Legg igjen ein fin tanke