13. apr. 2015

Gult er kult ☺

At favorittfargen min er kongeblå, er vel ingen løyndom. Men at eg dei siste åra har fått heilt dilla på sennepsgul, eller okergul alt kva ein vel å kalle fargen, er ei overrasking. Kanskje særskilt for meg, for ein skal ikkje mange år tilbake då eg verkeleg ikkje likte den fargen. No kan eg ikkje få nok av den. Hadde på meg ein genser i dag, ein kjempefin genser med flettemønster  :) Og så har eg den finaste cardiganen med ei lita sløyfe, ei kul strømpebukse, ein tynn genser med sløyfe og ein litt tjukkare genser med krage som eg har arva frå svigermor. Kjenner eg trengte ein litt fargerik start på veka, for denne veka blir travel. Fekk utdelt den oppgåva i dag, så no er det berre til å skrive.

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

Ja der har du funnet en ny yndlingsfarge :-) Litt 70-talls!
Og dagen nærmer seg sakte men sikkert........ Har du kontroll?

Silje sa...

70-talet er jo in no, så det er eigentleg berre stilig! :) Om eg har full kontroll, er eit spørsmål, men ting fell på plass, litt etter litt. Mykje å halde styr på, men me gleder oss veldig til sjølve dagen! :)