12. apr. 2015

Busstur og ein liten gåtur

Å sitje på buss fire timar ein laurdag, to timar på veg bort og to timar heim igjen, er eigentleg ikkje så "himla gale". For når setet i bussen er over gjennomsnittet bra, selskapet ved sidan av meg er det beste og ein er på veg for å treffe fine folk, så går turen ganske fort. Me var nemleg på ein liten dagstur til og frå Haugesund i går, og det heile var veldig kjekt og ordentleg koseleg :) Veka etter påska har gått fort, og i morgon får eg utlevert oppgåve to av to i det eine emnet som eg tar denne våren. Og på onsdag skal eg levere eit utkast til eksamensoppgåva i det andre emnet. Eg veit at med både oppgåveskriving, litt jobbing og planlegging, kjem vekene fram mot bryllaupet til å gå så altfor, altfor fort. Men eg har no hatt tid til å lage ei sundagsliste også denne veka:

✦ pinseliljer midt i ei rundkøyring
✦ om gjenbrukgsgåver, og Julianne skriv så himla bra om det å bu på ein ny plass; eg kjenner meg sånn igjen!
✦ vere ute ein tur på Cardinalen med eit venepar av oss og forlovaren min
✦ ein perfekt måte å organisere kontoret på hos Sandra
✦ Haugesundstur for å besøke noko av slekta til kjærasten min, og då også snakke med toastmasteren vår som er ein onkel av min betre halvdel :)
✦ å sjå både fasan og hegre på veg heim frå skulen med få minuttars mellomrom
✦ desse bruktbutikkane som Ina skriv om, må eg berre få til å besøke neste gong eg er i Oslo
✦ finne den perfekte kjolen til forlovaren min
✦ kjempefine idéar til korleis ein kan bruke akvarellfargar i eit bryllaup, og om dette paret som fann tilbake til kvarandre igjen
✦ gå sundagstur der me blant anna helsa på nokre esel
✦ kanskje må eg sjå denne filmen som Synne anbefaler?! :)
✦ at Mad Men er i gong med siste del av siste sesong
✦ "Nei, dette er ikke en kameleon" og ein liten video med fleire Glee-songar

Legg igjen ein fin tanke