DIY. Do it yourself, med andre ord - gjer det sjølv. Eg har jo nemnt Pinterest nokre gongar på denne bloggen allereie, så eg tek meg ikkje bryet med å forklare kva det er enno ein gong ;) På Pinterest har eg delt inn bileta, altså alle dei forskjellige inspirasjonskjeldene, i kategoriar, og ein av dei er då DIY. Nokre av dei som ligg under denne kategorien, har eg allereie prøvd meg på, som desse papiruglene og dette minneglaset. Når eg no skal velje mine topp fem innanfor denne kategorien, tar eg ikkje med dei eg allereie har prøvd; eg veit dimed ikkje om dei verkeleg er så fine eller så enkle som dei ser ut på bileta. Men ein gong har eg i alle fall lyst til å lage desse fem idéane:
lage uro av sandblåste glasbrot - har jo ein del slike glasskår liggjande, så det burde vere mogleg å få dette til
smykke laga med papirbitar frå ei bok - nesten dumt å øydeleggje ei bok for å lage eit smykke, men har ein ei gammal bok, bør vel det gå greitt (og så fint det ser ut)
dekorere gamle flasker og metallboksar med fargerik hyssing - passar ypperleg til draumebryllaupet; eg vil nemleg lage ting sjølv, og då kan gjenbruk vere ein fin ting
fine tekoppar med stearinlys oppi - også gjenbruk, og resultatet ser så pent ut
Legg igjen ein fin tanke