5. juni 2013

Fire eksamenar er overstått, det er ferie

Ferdig! Ferie! Med to toppkarakterar i det eine emnet, og ein gjennomsnittleg "midt-på-treet"-karakter i det andre, er eg stornøgd :) Eg er ferdig med svevande lyrikk og norrøn grammatikk, eg har ferie! Blir her til fredag eller laurdag neste veke; eg har jo nemleg eit par dagar med korpsjobbing igjen før det blir sommarjobb på Gamlingen. Men det er heilt greitt. Litt rydding og pakking blir det også. No kryssar eg berre fingrane for litt sol. Det hadde vore alle tiders.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Gratla Silje ! Det er deg vel unt for eg vett at du har jobba jevnt og trutt gjennom året. Me som foreldre e ihvertfall veldig stolte :)

Silje sa...

Tusen takk! Ja, etter eit langt og litt tungt semester, er eg endeleg ferdig! Me kjem heim neste fredag forresten ;)

Legg igjen ein fin tanke