30. juni 2013

Topp 5 – Agatha Christie-bøker

Agatha Christie sine bøker har for meg lenge vore favorittar når det kjem til bøker innan krimsjangeren. Krim er noko som ofte er lettlese, noko som eg sluker på ein dag då eg har tid, anten inne i stua med ein kaffikopp i handa eller ute i ein god stol med sola i fjeset. Særskilt no som eg har gått nordisk språk og litteratur med alle bøkene det ber med seg, har det vore fint å lese noko som går litt kjapt. Bøkene til Christie er også bøker som eg sluker, men på ein heilt annan måte. Ein må halde tunge beint i munnen, for det er ofte mange detaljar og eit stort persongalleri å halde styr på. Men med måten ho legg fram historia på, med alle sine finurlege kommentarar og vriar, blir eg heilt oppslukt, eg blir verkeleg riven med. Miss Marple og Hercule Poirot gjer også sitt til at bøkene fengar. Eg er ikkje sikker på kor gammal eg var då eg las ei Christie-bok for fyrste gong, men etter kvart har eg i alle fall funne meg nokre favorittar:

Og dermed var det ingen - ei bok som verkeleg set deg på pinebenken til siste slutt, for når du ikkje kan rømme frå øya du er på, og ein etter ein blir drepe, kva gjer du då, og kven er mordaren?

Det tause vitnet - Hercule Poirot er detektiven, men det er eit dyr, ein hund, som er den verkelege helten

Evig natt - eg hugsar ikkje så mykje av denne boka, litt for lenge sidan sist eg las den, men for ein slutt

Teppet faller: Poirots siste sak - rart å lese om ein gammal og utslitt Poirot, men alt er ikkje slik det ser ut til å byrja med

Mord på Orientekspressen - treng denne boka nokon introduksjon?!

Legg igjen ein fin tanke