17. des. 2024

Brunt er lunt




Mosvatnet 16. desember 2024. Nei, brunt er ikkje min favorittfarge, men på ein måte er det ein lun farge, i sterk kontrast til dei sterke haustfargane. Gjekk til seinvakta på jobb i går, det brune lauvet låg langs stien, og hadde det vore varmare (og eg hadde hatt betre tid), kunne eg glatt ha tatt meg ein paue på benken. Berre sitje der eit par minutt og la føtene kvile og tankane vandre av garde.

15. des. 2024

Gjensyn med den finaste bokserien og ein ekte juleklassikar





Hei, korleis den eine dagen går over i den andre, og eg skal innrømme at det er vanskeleg å senke skuldrene ordentleg slik tempoet er på jobb for tida. Men som eg prøver å gjere kvar veke, finn eg glede i dei små tinga, til og med å gå til jobb i fullt regntøt får meg til å smile. Ikkje mykje – regn er jo ikkje det aller kjekkaste turvêret – likevel er det godt å starte kveldsvaktene med ein gåtur i desemberlufta. Starta veka med å gå til byen utpå ettermiddagen for å sjå filmversjonen av musikalen Wicked. Om nokon skulle lure: filmen skuffa ikkje! I går var det 14. desember og årsdagen vår. Sidan eg var på jobb, var det ikkje sånn at me feira eller gjorde noko spesielt, men noko godt til kaffien og ekte laurdagspizza blei det i alle fall. Du er den finaste eg veit, takk for at du framleis held ut med meg! No ventar julekonsert med eit lite ensemble, og etter denne veka, trur eg blir ein akkurat passe roleg avrunding på helga. Tinga som har gitt meg glede:

✦ sukk, å gjenlese Anne-serien, og avslutte med Rilla of Ingleside, har vore ei sann glede!
✦ skrive fleire julekort og poste dei på veg til jobb
✦ vinterlyng
✦ nabobutikk på senteret som spelte hovudtemaet frå Tre nøtter til Askepott før opningstid
✦ "All I Want for Christmas Is You", men i seks forskjellige klassiske komponiststilar ;)
✦ gå innom nisjebutikkane i sentrum for å handle eit par julegåver
✦ gjensyn med filmen White Christmas som jaggu meg har 70-års jubileum i år
✦ lussekattar på årsdagen vår, altså i går, etter å vore på laurdagsvakt på jobb
✦ stikke innom Heddas gård i dag for ein prat og kaffi
✦ møte ein finfin katt på min veg ein dag
✦ sjå Wicked på kino (og gøy at Idina Menzel og Kristin Chenoweth song med Elphaba og Glinda)
✦ og les gjerne den gode meldinga av filmen frå P3 her
✦ One Winter at the French Chalet er årets julebok frå Mandy Baggot
✦ årringar fulle av frost
✦ kul bok med flotte illustrasjonar: Jordens kjemper av Line Wiel
✦ høyre "Six Ribbons" på radioen, for det er jo på ein måte vår song 
✦ trass travelt på jobb, har eg prata litt med kjentfolk som stakk innom
✦ småflirer av denne lille kvalpen som er veldig gira på å leike med den store hunden
✦ den innmari flotte solnedgangen over byen
✦ alltid like godt når sollyset skin inn i stova vår, denne gongen på ei julepynta hylle
✦ soloppgang over hustaka tysdagsmorgon
✦ årets siste Christie-bok blei Elefanter glemmer ikke fra 1972

13. des. 2024

Formiddagstimar i Kiel




Fredagspost med bilete frå eit par timar i Kiel, den nestsiste dagen av interrailturen vår. Hotellet me budde på, hadde utsjekk klokka tolv, så me åt ein litt tidleg frukost og hadde dimed tid til å sjå oss litt rundt i gatene i byen før me måtte ta med oss bagasjen og finne båten. Koseleg å vandre gatelangs, ta ein titt på kanalen, gå innom eit par butikkar og eigentleg ikkje gjere så mykje.
 


Me skulle jo ikkje ta toget denne dagen, men eg måtte likevel ta eit bilete av togstasjonen, for me var jo der dagen før då me kom med toget frå Hamburg. Sukk, gamle, flotte togstasjonar. I tillegg til å stikke innom ein bruktbutikk med retroporselen, såg eg nokre nydelege bøker ein annan stad – hadde det ikkje vore for at dei var på tysk, så hadde eg sikkert kjøpt med meg både ein og to ;)




Rett rundt klokka tolv, sjekka me ut av hotellet og byrja å gå bort til ferjeterminalen. Hadde framleis god tid, så me kjøpte litt niste til dagen etterpå før me kom oss bort og fekk gått om bord på ferja. Altså, får vår del er Kiel-båten litt for stor og litt for "fancy", men ein eller annan stil er det i alle fall, det kan ingen seie noko på. Åt ein god middag (sjølv om eg ikkje smakte så mykje på grunn av ei lei forkjøling), og resten av kvelden gjekk med til å sjå litt på OL og, så klart, lesing på senga.

11. des. 2024

Kaker til jula




Neida, det blei ikkje sju slag i år heller, tihi! Men to slag rakk me før laurdagstacoen. Sidan eg plutseleg skulle jobbe på sundag i tillegg til helga som kjem, fann me ut at me kunne ha ein lågterskel julekakebakeverkstad laurdag før middag. Det var broremann og eg, min betre halvdel drog på jobb før å skrive (altså jobbe) eit par timar. I år ville eg prøve å bake havreflarn etter oppskrift frå Trines jul. Som sagt, så gjort. Røra var enkel å lage, og det var moro å sjå korleis dei seig ut over bakebrettet inne i omnen. Etterpå pynta eg dei med smelta sjokolade.
 




Supernøgd med resultatet, både med utsjånaden og med smaken. Så klart måtte me også bake mormors sjokoladestenger, for det blir ingen jul utan akkurat denne baksten. Og ja, eg skal innrømme at deigen er like god, nesten betre, enn dei stekte stengene, men er det ikkje ofte sånn med julekaker?! Trur me heldt på med bakinga i vel tre timar før det blei taco og film.

10. des. 2024

Ein solnedgang over byen



Traska til byen over Våland i går ettermiddag for å sjå ein film på kino. Medan eg gjekk, måtte eg av og til berre ta meg tid til å stå stille og titte opp og fram på himmelen. Gjennom eit stort, greinete tre såg eg fargane, over hustaka var det like eins: ein varm og vinterleg solnedgang over byen.
 



Vinterstjernene som heng i trea over Breiavatnet, dei er like fine kvart år. Den gylne solnedgangen spegla seg  i vatnet, og eg blei ståande ei lita stund på torget, verkeleg nyte den kalde lufta (eg hadde ull frå topp til tå) og det varme lyset på himmelen. Sånn eit magisk syn ein desembermåndag.

8. des. 2024

Sundagsvakt i butikken






Sjeldan eg jobbar på ein sundag, men det gjorde eg plusteleg i dag. Senteret har sundasope no i desember, og med ein kollega som var sjuk, var det litt krise. Heldigvis var det berre fire timar slik at eg også har fått lese litt og senka skuldrene i løpet av dagen. Dagane tidlegare i veka har gått fort, det er ingen tvil om at folk er ute på julehandel, og me rekk omtrent ikkje å leggje ut nye varer sidan me heile vegen tar i mot kundane i kassa. Både måndag og onsdag gjekk eg til jobb, og så var eg som nemnt ute på ein spasertur på tysdag med ei god veninne. Herleg å nyte frisk luft når eg kan, bevege beina ute og ikkje berre på golvet inne i butikken. I går var det julekakebakeverkstad med broremann før laurdagstaco og film. Og no blir det lesing. Eller, aller fyrst eit blogginnlegg:
 
✦ å, som eg koste meg med å lese den nyaste boka til Elizabeth Strout, Tell Me Everything
✦ skrive julekort og sende dei av garde
✦ tenne det andre adventslyset
✦ høyre på julesmuikklista mi når eg les
✦ mange gode tips frå Synne når det gjeld korleis ein kan bruke mobilen mindre i kvardagen
✦ så klart blir det ein del julebøker no, og eg las nyleg ut Christmas at the Borrow Bookshop
✦ gå til jobb og sjå opp på ei bjørk som framleis hadde gule blad på greinene 
✦ høyre "Walking in the Air" på radioen ein morgon
✦ for ein nusseleg, liten hund som blir ordentleg god ven med ein pus
✦ ha, ha, eg "vart litt skræmt" av nissen i ein nabobutikk då eg kom på jobb i mørket
✦ hadde ikkje høyrt om Emma Reyes før, men boka Erindringens korrespondanse var interessant
✦ boka er kanskje best, men utruleg fint å sjå Snøsøsteren på Netflix 
✦ jul- og vinterhygge i den nyaste vloggen frå Miranda
✦ gå rundt Vannassen i lag med ei god veninne, berre prate og framleis få auge på små haustblad
✦ blåtimen, vinterlys på Ullandhaugtårnet og lesing på bussen
✦ lyset over (nye) Vannassen 
✦ ler høgt av denne: "David, WHAT HAS HAPPENED TO YOUR HAIR?!"
✦ julekakebaking der havreflarn og sjokoladestenger stod på planen
✦ regndropar på haustblada
✦ mitt fyrste møte med Han Kang, årets Nobelprisvinnar i litteratur: boka Levende og døde
✦ strikke medan eg var med på eit digitalt styremøte

6. des. 2024

London-Brussel-Köln-Hamburg-Kiel






Frå London til Kiel på ein dag med tog, er det mogleg?! Ja, det er det, men eg skal innrømme at det blei ein lang reisedag, omtrent elleve og ein halv time frå toget gjekk frå London til me var framme i Kiel. Sidan det tar litt tid å gå gjennom sikkerheitskontrollen og det heile i London, stod me opp veldig tidleg (halv fem lokal tid), traska bort til togstasjonen, fann fram billettane og gjorde oss klare. Og sidan det var ein tidleg avgang, var det relativt roleg og me hadde tid til å sitje og lese på stasjonen. Mellom kvar stasjon kor me møtte bytte tog, hadde me lagt inn grei tid med overgang sidan ein aldri kan vite om toget er på tida eller forsinka. Me fekk auge på både landlege og meir urbane utsikter,  togstasjon etter togstasjon fauk forbi, og etter togbytte i Brussel, køyrde me forbi stasjonen Liege-Guillemins med sitt stilige, fargerike glastak. Å sjå ut av togvindauget er terapeutisk.
 




Lesing blei det tid til, ganske mykje tid også, tihi. Me var heldige med tanke på at det var lite forsinkingar, og sjølv om det var mange timar på farten, hadde me samstundes ei ro med denne reisa. Bytta tog igjen I Köln, og det siste togbyttet tok me i Hamburg. Kvart på sju lokal tid, var me framme i Kiel. Kjøpte enkel kveldsmat på stasjonen, traska over brua og fann hotellet. Og hallo, for ein tapet! Veit ikkje om eg var heilt overbevist, men den var no litt vittig. Me fekk med oss OL-opninga, på tysk, før me etter kvart fann ut av det var på tide å leggje oss etter ein laaang reisedag.