18. okt. 2023

Telthusbakken på ein ekte haustdag




Utsikt frå hotellrommet som me budde på i helga. Alle dei nydelege haustfargane mot den lyseblå hausthimmelen! Som førre gong me to var på tur saman, nemleg i mars, var me superheldige med vêret. Etter kafébesøket gjekk me til Grünerløkka (tihi, igjen). Der er det så mange kjekke butikkar å titte innom, rett og slett ein koseleg plass i hovudstaden som eg kan besøke igjen og igjen. Og som i mars, gjekk me via Telthusbakken på veg tilbake til hotellet. Alt det flotte haustlauvet som eg såg overalt, både grøne og gule tre hengjande over Akerselva, det var hauststemning de luxe.

17. okt. 2023

Laurdagshygge med fine folk


Bøker, god mat og hygge, berre litt av Oslo-helga i korte trekk. Eg kom fram til Tigerstaden nokså seint på fredagen, men veninna mi og eg måtte ha litt mat. Var berre eit par minutt å gå frå hotellet til Litteraturhuset, og der åt me noko småmat. Smakte kjempegodt med hummus og pitabrød og blomkålsnack med dip ved sidan av. Og når det i tillegg var bøker overalt, følte i alle fall eg meg heime. Dagen etterpå traska me litt på Grünerløkka, stakk innom eit par butikkar og ikkje minst hadde me avtalt eit kafébesøk med to andre fine personar. Alle fire gjekk musikklinja i lag, og det var kjempehyggeleg å treffe kvarandre igjen. Tinga ein cappuccino og ein cookie, og elles skravla me heile vegen, latteren sat laust og det var eit par koselege timar saman med desse herlege folka!

Vannassen nett no


Frisk haustluft, blikkstille vatn, gylne fargar overalt. Svanene som svømmer majestetisk i haustsola, måkene som ligg i vatnet og duppar. Kvar dag med eit slikt lys, er veldig velkommen – det kjem nok av mørke dagar no når hausten er her. Akkurat passe kvardagslede i å gå ein tur til Vannassen

16. okt. 2023

Regndag sett frå eit togsete






Gråvêret slo til då eg tok toget frå Stavanger til Oslo på fredag. Mykje vatn på markene, ein grå himmel og duse fargar. Likevel blei eg sitjande og sjå korleis det jærske landskapet rulla forbi.




Brun, gult, litt grønt, gylne fargar som trass regnet viste seg langs heile togruta. I løpet av timane på toget blei det mykje lesing – slik det nesten alltid er – og litt strikking. Går litt treigt med mitt nyaste strikkeprosjekt, men det er fyrst og fremst berre fordi eg prioriterer å lese mykje no for tida sidan eg har (altfor) mange bøker med venteliste som ligg i haugen min her heime. Regn på vindauget, vatn som renn ned eit fjell og strie straumar i elva, det var rett og slett ein dag i regnets namn.


Tåka kom sigande etter kvart som kvelden tok til, noko som skapte ei mystisk stemning. Inne i toget drakk eg kaffi og stirra ut. Trea i haustfargar som svisja forbi, så avslappande. Opplevde korleis tåka fekk solnedgangen til å bli heilt spesiell, eit rosaoransje lys over landskapet. Togtur frå vest til aust.

15. okt. 2023

Roleg og travel veke, i den rekkjefølgja




Sundagslista kjem seint, men godt denne gongen. Starten av veka var roleg, til dømes inga orkesterøving sidan det var haustferie, og det har blitt mykje lesing og eit par små gåturar. Siste halvdel av veka har derimot vore travel og sosial. På ein god måte, altså. I helga var det nemleg tur til Oslo for å sjå musikalen Moulin Rouge i lag med ei god veninne. Og det blei ei kanonkjekk helg der me prata mykje, trefte to andre finingar, åt god mat og storkoste oss på musikalen. Både togbilete og Oslobilete kjem etter kvart, ver du sikker! Punkta under taler for seg sjølve:
 
å endeleg lese The Moth Catcher, bok nummer sju om Vera Stanhope
finfin katt på eit gjerde 
lesestund på toget, både fredag på veg til Oslo og i dag på veg heim 
lite glimt av Staged i samband med Red Nose Day 2021
bittesmå regndropar på små, rosa blomar
ordentleg oktoberraudt tre 
komme heim og kose meg med å sjå Eventyrlig oppussing
sjølv med regn på ruta, var det fint å ta toget til Oslo langs Sørlandsbanen
torsdagskveld med familien, tante og søskenbarn på Sola: middag, pavlova og spelet "Imagine" 
ler ganske godt av denne med Martin Compston som blir forbanna på Siri-appen
høyre på ein artig podkast-episode på togturen
høgdepunktet denne veka: oppleve musikalen Moulin Rouge på Chateau Neuf 
og når me snakkar om musikal: songen "When You Believe" frå The Prince of Egypt er storslått
sjå filmen Downton Abbey: A New Area
mannen min laga graskarrisotto ein av dagane, og det var ein veldig god middag 
er ikkje så ofte me ser kvarandre, og dimed var det ekstra kjekt å ha ei heil helg med veninna mi
blir alltid så varm om hjartet av å sjå søtaste Haru eller desse to nusselege kattungane
endå meir Ann Cleeves: The Seagull er nemleg bok nummer åtte i Vera-serien
godt med ein cappuccino på kafé i lag med tre fine personar
fin grafisk roman om andre verdskrig, White Bird, av R. J. Palacio

13. okt. 2023

Oktoberraudt




Knallraude blad på eit lite tre. Dei same knallraude blada på bakken, i det like knallgrøne graset. Sjølv om det er fleire mørke dagar om hausten, eller veldig skiftande vêr slik som i dag, går det ikkje an å vere litt glad i denne årstida med alle fargane som poppar om rundt omkring i nærområdet.

12. okt. 2023

Finalesongar


Musikalar, både på film og på scena, er noko i alle fall eg synest er veldig gøy. Okei, det er jo ikkje slik at me på ekte går rundt og syng alt som skjer i staden for å seie det utan melodi, men likevel er det eit eller anna som fengar meg når eg sit og ser på ein musikal. Om ikkje så lenge skal eg sjå Moulin Rouge på ei scene i Oslo, og førre månad var det jo Miss Saigon på Folketeateret. Eit par av favorittane er Chess (var jo med på å setje den opp då eg gjekk musikklinja), Jesus Christ Superstar (den har alltid vore med meg) og Rent (gode minne frå folkehøgskuletida). I videoen over finn du ei liste med tjue av dei beste sluttsongane frå forskjellige musikalar. "Do You Hear the People Sing?" frå Les Misérables er øvst på lista. Andre du kan høyre er: "Finale" frå In the Heights, "You'll Never Walk Alone (Reprise)" frå Carousel, "King of Pride Rock/Circle of Life Reprise" frå, jepp, The Lion King, "Tomorrow is a Latter Day" frå den kulaste The Book of Mormon (trur aldri eg har ledd så mykje av ein musikal verken før eller etter) og "Finale B" frå den aller finaste Rent. Kos deg!